mandag 14. februar 2011

Morsdag

Denne dagen er svært innbringande for handelsstanden og mange meiner det er heilt unødvendig med feiring. Eg påstår det motsatte. BOMBE!!!;) 

Kanskje butikkane tener mykje på massesuggesjon og kjøpepress. Dei gjer nok det. Men kan ikkje vi feire mamma litt då? Eg er heilt tilhengar av å gjere det heile enkelt altså! For all del. Men det er hard jobbing å vere mor, så då kan eg no få ein dag der eg vert sett litt ekstra pris på? Syns eg kan det...!

Det å verte mamma... Eg tenkjer mykje på det på bursdagane til jentene mine, korleis det var når dei kom. Kor utruleg lite forberedt eg var liksom. Hadde alt klart altså, både vogn, seng, kle og "ny" bil. Hadde lest det eg kom over av bøker. Tenkt og grubla både aleine og med vordande far, var rett og slett ein klisje av ei vordande mor. Likevel slo det ned i meg som lyn frå klar himmel når eg fekk summa meg etter fødselen; "kva har eg gitt meg ut på no?" Begge gongane!

Fyrste pia mi kom til verda i ei fart, forlet meg på fødestua og rett i hendene til legane. Ho var tilkopla fleire maskiner som registrerte alle vitale funksjonar den fyrste veka, og vi var omringa av kyndig personell som svarde på spørsmål og hjalp oss i gong med det praktiske som foreldre. Så vart vi sendt heim. Gud, for ei kjensle! Plutseleg sat vi der utan ei einaste maskin og heilt åleine. Då kjende eg meg hjelpelaus! Altså, jenta var heilt fin og alt gjekk bra, men den kjensla var overveldande. Kva har vi gjort?!! Ein ting er å tenkje på ting som kan gå gale, det gjer alle. Eg hadde kjent det på kroppen liksom, kor lite eg kan gjere frå eller til... Kor skjørt livet kan vere. Kor heldige vi var!

Her held eg eldste jenta for fyrste gong

Så kom nummer to. Ho laga ikkje noko meir drama enn at ho kom litt for tidleg. Ho var ein enkel baby! Fornøgd og roleg og eit behageleg vesen. Litt sånn dei er enno faktisk... Eldste er ei lita dramaqueen, mens minsta stort sett er fornøgd med det meste.

Skattane mine

Det slo meg igjen; Kva har eg gjort? 

Er det ikkje gale? Tullete å gjere det igjen liksom, når du var heilt vettskremt etter fyrste runde? Men likevel så skal eg ha fleir. For det er heilt umogeleg å forklare kva som skjedde med meg, og mest truleg alle andre som har vorte foreldre. Noko var det iallfall. Og med fare for å framstå som heilt klisje (kan eg seie det?); det var fantastisk! Ikkje mindre enn heilt fantastisk!

Det skal seiast, då, at eg ikkje har eit heilt urealistisk syn på ungane mine og meg sjølv heller. Sjølv om eg gjerne skryt veldig av jentene og syns dei er heilt supre, så kan eg også ærleg fortelje at dei ikkje alltid er sånn. Og eg kan vere vanskeleg eg også. Det er arbeid å vere mamma. I tillegg til alt det praktiske eg skal få til å gå opp, skal eg også bekymre meg for ein heil masse. Alt frå himmel til jord faktisk! Og det er veldig mykje altså!! Så skal eg strebe mot ei så pedagogisk rett oppseding som mogeleg. Vel -det får vere nok å prøve. Kvardagane kan vere langt frå fantastiske og alle er berre slitne og sure. Så kjem disse gode stundene altså, og dei gjer opp for alt som ikkje var slik eg gjerne ville. Eg berre gløymer det liksom. Så lett som berre det og det vert som å vere nyforelska heile tida! Eg ser berre dei gode sidene deira, syns dei er dei mest fantastiske skapningane som fins og verdas vakraste. Ingenting anna er viktig! Og det er fantastisk.

Den aller største endringa etter at eg var mor, anna enn å ha ansvar for andre enn meg sjølv, som eigentleg er vel nok, er at alle kjensler er forsterka så heilt meiningslaust! Og det gjeld på godt og vondt altså! Dei gode kjenslene er berre ein fordel eigentleg. Men så sint eg kan verte då! Og livredd! Og trist! Og rørt... Eg var lettrørt frå før liksom... Så såg vi Dumbo i dag tidleg og eg sat å tørka tårer i smug. Eg kan grine av nyheiter, reklame, fuglesong og  til og med når eg skal fortelje noko koseleg! Meir som ei tvoge rett og slett.

Og fyrst når eg fekk kjenne det sjølv kan eg forstå korleis mi mor har kjent det. Kor uendeleg og ubetinga glad ho er i meg. Kor mange bekymringar ho har hatt. Kor mykje ho har ofra... Gratulerer med  morsdagen mamma! Snufs...

Eg tenkjer at uansett kor mykje eg vil det beste for borna mine, så vil eg alltid kome til kort. Det einaste eg kan vere sikker på er heilt rett, er å gi dei kjærleik. Mykje kjærleik. Det kan dei ikkje få for mykje av og eg kan ikkje gå tom. Eg fortel jentene mine kor glad eg er i dei monge gongar kvar einaste dag. Og så lenge eg får lov, kjem eg til å klemme og susse på dei så mykje eg kan. Dei er skattane mine her på jord. Det er ikkje den ting eg ikkje ville gjort for dei. Så det så!

Så set pris på mora di! Og feir ho litt, ho fortener det:)

Her har dagen vorte feira etter mine ynskjer. Sjølvsagt;) Gavedryss på senga (sjølv om eg er tilhengar av det enkle har ikkje dei andre her same innstillinga, og eg kan no ikkje seie nei takk;), deilig frokost med kakao- då er dagen redda!, alle sammen ut på tur- i dag var det fjelltur, besøk til farmor  og gratulerte ho med dagen og spise is, og sidan det var så fint vêr ute utsette vi kjøttkakemiddagen til i morgon og kjøpte pizza på Elmirs i staden, og til slutt serverte vi husbondens debutbløtekake til familien min. 


Eg har kosa meg! Det håper eg du også har gjort:)

3 kommentarer:

  1. Hei kjære deg!
    Du har en koselig og personlig blogg, og du skriver om noe vi alle kvinner som får barn kommer borti. Man skulle ønske at det fulgte med en "manual", men det gjør det altså ikke. Men etter hvert går tiden seg til og man lærer barna bedre og kjenner, og ikke mins oss selv bedre å kjenn. DA er man langt på vei. Herlige barn du hatr:)) Jeg har en jente på 21 og en sønn som fyller 11 på søndag, gift og bor på Sandes. Vi har en katt, Britisk korthår, og to hunder av rasen Basset Hound på 4 år, og en liten Cavalier King Charles valp på 6 mnd. Minn mann er hudlege og professor, og jeg er hjemmegående husmor på 11 året. Begynte å blogge i fjor. Har funnet mange gode nye bloggvenner og føler vi har et helt eget samfunn her inne, skikkelig gøy! Har lagt meg som følger hos deg, og kunne tenkt meg å bli bedre kjent med deg. Så bli gjerne følger inne hos meg også:) Har forresten en give away gående på de siste dager, den må du nesten få med deg. Ha en riktig god natt, sov søtt så snakkes vi igjen:)
    Klem Anne Karin

    SvarSlett
  2. Hei! Så koseleg at du vil følgje meg:) Eg har endeleg komt meg i gong som bloggar og gler meg til å finne ut meir etterkvart. Kjekt å verte kjend med nye folk også:) Skal sjå innom bloggen din. Så er eg litt usikker på om du får denne meldinga? Håper det;)

    SvarSlett
  3. Men Ann Sofi, dette har du ikke sagt noe om...så gøy at du har fått blogg!! Ja enig at vi mødre kan feires litt, iallefall en dag ;) Koselige bilder, ser ut og hørtes ut som dere har hatt en fin feiring! Takk for koselig kommentar på bloggen min ;) Gleder meg til å følge deg! Klem Ane

    SvarSlett

Eg vert kjempeglad om du legg igjen ein kommentar!