tirsdag 8. oktober 2013


 Farmora mi er 91 år.
Ei uendeleg snill dame med stor personlegdom.  



Natt til torsdag førre veke datt ho på badet etter eit toalettbesøk.
Ho vart send med ambulanse til sjukehuset i Volda, og dagen etter vart det konstatert brot over kneet. Ho har protese i kne og hoft, og måtte derfor overførast til ortopedisk avdeling i Ålesund.
 Det vart bestemt at ho skulle opererast laurdags morgon.

Det vart utsett til kvelden.

Så til søndags morgon.

 Operasjonen gjekk bra.
Natta etter vart ho dårleg og måtte leggast inn på intensivavdelinga, mamma fekk telefon midt på natta, og vi vart i grunnen innstilt på at ho ikkje ville klare så mykje meir. 
Vi for til sjukehuset alle saman måndags formiddag.

Når eg kom vart ho flytta tilbake til ortopedisk avdeling. 
Gode nyheiter med andre ord!
Det som overraska meg, var at dei på same utpust sa at ho skulle overførast til Volda igjen same ettermiddag. Korleis kan dei forsvare å utsette ho for ei overflytting allereie? Det er der ho høyrer heime sidan dei har mest kontakt med sjukeheimane i vårt område, sa dei, og her treng vi sengene til andre som kjem inn.
Eg bestemte meg for å følgje ho i ambulansen til Volda, som var bestilt til halv seks.

Litt før halv ni kom dei og henta oss. 
Då hadde eg vore der i sju timar, og farmor var døgnvill etter å ha duppa av nokre gongar. Ho bruker å legge seg i sju-tida heime, og i tillegg hadde ho vore vaken store deler av natta før, hatt besøk heile dagen og vorte «forstyrra» av sidemannen sitt besøk. 
Ho var heilt utslitt! 
Ho hadde smerter etter operasjonen, minimalt matinntak og er som sagt 91 år. 
Men til Volda skulle ho! Eg var så glad for at dei endeleg kom, der eg sat med litt feber og låk hals, at eg tenkte ikkje heilt over kva eg faktisk var med på før vi kom fram.
Det var nemleg ingen som trengde den senga den natta. Der var til og med ein ledig sengeplass på romet. Det var seint på kveld, men av garde skulle ho altså for ein kvar pris. At ingen andre kom på å seie at; veit du kva, ho kan vere her til i morgon. 

Hadde no berre eg kome på det då!

Vel framme i Volda vart ho igjen undersøkt opp og ned. 
Heldigvis prioriterte dei ho.
Ho var på plass på romet i halv-elleve tida. Då låg ho lækt i senga og var ikkje stelt for natta. 
Eg måtte fare, så eg veit ikkje kva tid ho endeleg fekk ro. 

Det eg veit, er at ho var aldeles utkjørt!

Eg var sliten, som er ung og frisk!
Ho sa det sjølv, at ho hadde ikkje overlevd dagen om ho ikkje hadde hatt besøk av oss. 
Eg er så glad for at vi for alle saman! Det betydde så mykje for ho og kosta så lite for oss. 
Eg er glad eg var der saman med ho heile vegen så ho slapp å kjenne seg einsam og hjelpelaus. Samtidig som eg kanskje minner alle desse hjelparane om at ho er eit menneske som nokon er glad i. Og kanskje dei til og med får ting fortare gjort sidan eg også venter..?

På dei timane eg var ilag med ho møtte ho;

Fire hjelpepleiarar
Fem sjukepleiarar
To legar
To frå ambulansen
Ein fysioterapeut
Ein bioingeniør
 Ein radiolog

Femten hjelparar.
 
Godt påpassa, for all del! Men… 
Og; kva kan ein gjere med det?

Eg prøver ikkje å legge skulda på nokon. 
Eg veit at dei aller fleste gjer så godt dei kan.
Eg kan likevel ikkje la vere å lure på om vi kan gjere det betre?
Om vi vil gjere det betre?

Hadde ikkje eg vore der i går, hadde dei då masa på ambulansen? Kor lenge ville ho vore i mottaket i Volda? Kven ville fått i ho dei få supane med drikke ho faktisk orka? Dei opplysningane eg gav, stod for eksempel ikkje på noko papir. Og så vidare…

Eg kan med glede fortelje at farmor har vore oppe av senga i dag.
Likevel; tok dei rett avgjersle i går?



lørdag 25. mai 2013

Brudlaup og gravferd...

 
 
No har eg og den kjekke mannen min vore gifte i fem år,
 vi hadde tre-brudlaupsdag i går faktisk.
 
24.05.08
 
Vi hadde ein kjempefin dag!
Eit lite brudlaup med dei aller nærmaste samla i Norddal. Ei perle.
Nydeleg mann, nydeleg brud om eg skal sei det sjølv,
 nydelege gjestar, nydeleg mat og nydeleg vêr.
Dagen var alt eg ynskte meg, og enno meir...
Gode minner!
Kvar brudlapsdag har vi gjort litt stas på kvarandre, og vi ser litt på bileta frå dagen. Mimrar...
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Eg tenkte aldri at denne dagen, 24.05, skulle gje meg desse blanda kjenslene eg kjende på i går...
Vi gifta oss på pappa sin bursdag...
I går hadde han vorte 56 år.
Så i staden for å vere den lukkelege kona og feire fem flotte år,
vart eg den triste dottera som saknar pappaen min.
 
Det er rart korleis desse såre kjenslene leiter seg opp når det kjem slike spesielle dagar.
Sånn til vanleg går dagane greitt. Eg tenker på pappa kvar dag, men eg klarer å forhalde meg til at han er vekke på ein reflektert måte. Men så kjem det ein dag som i går,
og den sveiper føtene unna under meg...
 
Dagen i går vart fylt med eksamenslesing, snørr og tårer, og kjærleik.
Feiringa tek vi igjen.
Eg har ein ide om at gåva eg gjev til min kjære
skal ha same tema som det årsdagen kallast.
Eg har gjennomført det, med blanda resultat...
Men han verka veldig fornøgd med gåva i går;
overnatting i ei tretopphytte.
Då vert det roadtrip og kjæleikshelg.
 
 

mandag 11. februar 2013

For eitt år sidan

For eitt år sidan i dag...

-Pakka vi bilen full av mat, kle og akebrett
Og nokre morsdagsgåver...
-Reiste vi på hyttebesøk til kjekke vener
-Var vi ute ein heil dag i ruskeveret ved Stadt
-Åt vi laurdagsgraut og slappa av i sofakroken
-Såg vi barne-tv og åt snop
-Laga vi pizza til laurdagskos
-Såg vi Norsk attraksjon og Mgp på hytte-tven

-Ringde telefonen min - uvanleg høgt...

Og livet mitt vart snudd opp ned og eg mista fotfeste etter tre ord:
Pappa er død!

For eitt år sidan...
 

 Frå Stadt 11.02.2012
Kristoffer

 Vem kan segla förutan vind?
Vem kan ro utan åror?
Vem kan skiljast från vännen sin
utan att fälla tårar?

Jag kan segla förutan vind,
jag kan ro utan åror,
men ej skiljas från vännen min
utan att fälla tårar.

Svensk folkemelodi


torsdag 31. januar 2013

Ei utfordring...

Vert så lenge mellom kvar gong eg skriv noko her på bloggen, så eg får nesten prestasjonsangst når eg endeleg skriv. Så eg stikk hol på bobla med å presentere nyttårsforsettet mitt;

Ein måte utan, ein månad med.

Genialt spør du meg!
Og veldig enkelt. 

Eg har nemleg tenkt å ta tak i nokre dårlege vanar i 2013. Og det ser ut som eg har nokre... For eg trur eg utan problem klarer å finne nok til tolv månader 
-jepp! 

Januar er årets verste månad syns eg... Ein har store forventningar til eit nytt år, og av og til kan ein verte skuffa allereie på nyttårsaften fordi kvelden ikkje vart så fantastisk som ein kanskje såg for seg. (Eg hadde ein fin nyttårsaften i år altså!)Så kjem dei fyrste dagane der ein verkeleg ser for seg at ein endeleg har tatt tak og starta eit nytt og betre liv. Sannsynlegvis er mat og mosjon involvert i den planen. Og er ikkje det underleg at i den månaden i året der det er mørkast og kaldast med stormar og regn, så skal vi ut og trimme? Og ikkje minst; i den månaden med massevis av kakerestar og mat og julegodt som ligg igjen i skap og skuffer, så skal ein slutte og ete? Vi er no jammen litt rare!

Som den klisjeen det er, så høyrer det med til historia at eg ELSKAR sjokolade. Eg føler meg ganske sikker på at eg er i klasse med dei "verste" om ein kan kalle det det. Det ha vore sånn heile livet, frå eg drog for gardinene på kjøkenet med farmor så mamma rett over vegen ikkje skulle sjå at eg klatra i skapet og tok kokesjokolade. I ein alder av 4 år. Eg har ete sjokolade mot hovudverk, sjøsjuke og dagen derpå, og det hjelper kvar gong.
Eg trur at eg har ete sjokolade kvar dag i heile mitt vaksne liv, med få unntak...

Januar er den månaden eg et mest gjennom heile året trur eg... 
Så det var den starten på året! 
I jula vert eg mett av å sjå på maten, så i januar har eg eit skikkeleg etegilde og tek ansvar for å tømme lagera for søtsaker. Kvart år!

Men i år!
Eg har tatt den verste "utan" fyrst. Eg starta liksågodt året med ein månad utan snop. Det omfattar snacks og alt slags godteri... Vel, den som kjenner meg godt gav meg truleg maks ei veke. 
Eg satsa på tre dagar. 
Men trur du ikkje at eg har jernvilje då? 
For her er jenta som har klart det! I 31 dagar i årets leeengste månad (har iallfall kjenst slik ut) har eg stått i mot alle fristelsar! (Kremt... Det har kanskje vorte nokre kjeks og eitt og anna kakestykke... Men det var det ikkje sagt noko om i reglane... ;)

Det eg har lært er;

Det er skremmande å oppdage kor mange situasjonar eg tenkjer på sjokolade.
Når snopet står der kjennest det ut som eg må ta, 
liksom som eg aldri får sjansen igjen.
Og kanskje det verste; snopet har vart kjempelenge denne månaden. Har stått nesten heilt i fred...

Og det beste; Eg klarte det!

Så sånn er det her...

Tek du utfordringa og prøver du også?

Ha ein fin februar :)
No skal eg sette i gong med eit nytt prosjekt