onsdag 30. mars 2011

Jippi! Vi kom oss ut!

Det er ikkje alle dagar eg er like effektiv, produktiv, kreativ og full av energi. 
I dag var ein sånn dag. Med lite energi. Sjølv om sola skein. Det er igrunnen uvanleg... Likevel, eg og ungane var inne heile dagen... Var litt dorske, forkjøla og avslappa. Vi såg ut på sola og den blå himmelen. Ikkje hadde jentene dressane heime heller... 
Eg ser no at det ikkje var ein særleg god plan å sitje inne, men eg synst då det var veldig behageleg. 
Korleis klare å snu ein slik dag? Vi fann eit formål. Og ei mogelegheit til å sleppe å lage middag. Og vi fekk dressane heim frå barnehagen. 
Å sleppe å sitje her i kveld, å angre på det vi ikkje gjorde i dag, at vi ikkje naut denne deilige dagen, det er ein god følelse.

I dag åt vi middag ute



Vel, ein sånn pedagogisk korrekt middag var det vel ikkje akkorat. Der var både raudt kjøt, mykje fett, kvitt brød, eindel salt og sukker involvert... 
Vi får tole det iblant
Storepia feira femårsdagen sin med pølsefest i helga. I dag tok vi restane.
Pølser med brød varma på primus rett bakom huset i eit nydeleg solskin. 
Fuglane kvitra. 
Sola varma. 
Snøen smelta
Gløymde nesten at det var snøkave i går... 
Det var deilig det!




Fekk endeleg tatt ei vår-reingjering i kaninburet også. Så har dei fått flytta ut av løa. 
No må det vel verte vår??!


Håper du òg  fekk nokre deilige timar i sola i dag!

torsdag 24. mars 2011

Lappar

Når eg var lita trur eg dei fleste ungar hadde lappar på bukseknea av og til. Eg hugsar mi favorittbukse! Det var ei dongeribukse som eg brukte støtt. Heilt til den var for lita. 
(Det er noko med godt brukte dongeribukser... Dei er så mjuke og snille liksom. Strammar ikkje eingong...) 
Men før den rakk å verte for lita gjekk det sjølvsagt hol på knea. Det var nemleg ei leikebukse. Og eg rakk å slite hol på kleda mine. Kanskje fordi eg ikkje hadde kjempemange bukser å skifte mellom. 
Andre tider.

Det vart iallfall hol i denne buksa. Og det var no litt krise. Eg skulle ikkje ha lappar på buksa mi! Eg gjekk no trass alt i kanskje fjerde klasse. Lappar var for småungar som sat i sandkassa og sånn...  Men mora mi visste råd veit du. Ein kveld ho var i det listige hjørnet tok ho å sydde på lappar likevel. Hjertelappar. Med rosa sikksakk rundt. Då var det i boks! Og buksa vart brukt minst like mykje. Om ikkje meir!

Hjerte på kneet er i grunnen greit for ein fjerdeklassing...
Sjå for deg den rosa kanten.
Smelt!

No vert kleda mest slitte av vask trur eg. Så eg vart overraska, og kanskje nesten litt kry, når jentene kom heim med hol på knea! Kanskje er det på grunn av kvaliteten på buksene. Det kan no hende... Eg vel likevel alternativet: det er eit sunt teikn at dei har leika hol i buksene sine!

Eg har ei symaskin.
Eg kan no lappe dei, tenkte eg, for det er no gale å berre kaste desse buksene. Ikkje er det nødvendig heller. Det er for gale med all denne kjøpe og kastinga. Så eg sette i gong.  
Eg har  ikkje brukt symaskina mi meir enn kanskje fem gongar. På fem år. Eg er altså inga syerske.  
Spennande!

Ja, desse geniale hjertelappane. Klippe ut hjerta gjekk som ein leik, som forventa. Å sy dei på skulle vel ikkje vere noko verre? Men jammen- det var knoting det!! Berre å få buksebeinet inn på symaskina var ei utfordring, å sy ein fin bue og klare å lage eit heilt hjerte ser eg på som heilt umogeleg. Mamma må ha brukt magi!

Det vart med sikksakk-lapping på godt og gammaldags vis. Det var ikkje enkelt det heller skal eg seie deg, men holet er tett og buksene godt brukbare. 
Rosa tråd gjer kanskje susen?

 Ja, ja... Så vart det litt skrukkete...

Om de ser godt etter -her avanserte eg! Sydde ein veg med lyserosa og ein veg med mørkerosa. 
Imponert? ;)
Veit ikkje heilt kvifor den brune undertråden kom igjennom.

Medan eg sat og sydde byrja eg å tenkje... Kva tid såg eg ein unge med lappar på knea sist eigentleg? Eg kan ikkje kome på å ha sett det på lenge, lenge, lenge.... Ikkje at eg har sett etter det heller. Men er det noko eg hadde lagt merke til? Legg andre merke til slikt? Sidan det er så sjeldan? Kva tenkjer ein om lappa kne no om dagen? Tenkjer ein noko spesielt? Kvifor er det så få som har det? Skal tru om ungar legg merke til det? Kva vil dei sei skal tru?

No er iallfall desse buksene unike. Litt heimelaga liksom. Det er no heilt i vinden for tida.
Og dei varer enno ei stund til!

 Ha ein flott kveld vidare:)


onsdag 16. mars 2011

Lat stå!

For all del! Eg syns det er heilt greit å skryte av seg sjølv. Eg gjer det ofte eg altså! Og det er sjølvsagt viktig å vere fornøgd med det ein gjer og får til. Heilt nødvendig!

Likevel, dette er heilt ærleg tala. Med fare for å framstå som mindre flittig husmor. Som ei lita oppmuntring til alle som ikkje kan fortelje alt dei får gjort kvar dag. (Facebook og slikt kan nesten vere farleg for ein stakar.) Fordi de ikkje har fått gjort alt. Eller kanskje ingenting. Til alle de som er litt sånn fortvila over å ikkje strekke til. Til deg som trur du er aleine om å ikkje orke alt. Du som av og til føler deg litt mislukka.

Eg håper du fins. Så det ikkje er berre meg. For då dummar eg meg litt ut her... Men eg trur vi er fleir. Kanskje ikkje håper... Men trur.

Lat det stå til i morgon! 

 Det gjor eg...


 Av og til er ein berre heilt skutt!


 Og alt berre tårnar seg opp!


Det er så slitsomt når det virkar som alle fiksar alt så mykje betre enn meg. Kanskje har du det slik óg? Då  vil eg berre seie at eg ikkje rekk alt eller får til alt eller gjer alt heilt skikkelig alltid heller. Du er ikkje åleine. Og eg øvar på å verte enno dårlegare også. Faktisk! 

Og ingen her vart verken sjuke eller fekk varige mén sjølv om dette stod på benken over natta. 

Men det var sjølvsagt kjekt å få rydda opp også då...

Og det gjekk lett som ein leik.
Middagen vart også klar:)


 Ei god natts søvn kan visst gjere underverker både for kropp, sjel og kjøkken ;)

Ha ei fin veke vidare!
Med kanskje litt mindre høge krav til deg sjølv...

søndag 6. mars 2011

Min favoritt!

Noko av det kjekkaste eg veit er å gjere noko i lag med familien min. Eg håper det er mange som har det på same måten. For det er flott altså, å gjere noko saman med dei du er mest glad i i heile verda.

Mitt nyttårsforsett i år er søndagstur. Ein genial ide syns eg!

Favorittsøndagsturdestinasjonen (bra ord?;) min er Hakallegarden. Ungane vert heilt ville når vi skal dit. Og eg gler meg nesten like mykje.

  Å fare dit er berre så kjekt! Der er eit flott vertskap med eit genialt konsept som berre opnar heimen og garden sin for alle. Tenk kor flott! Eg hadde aldri tort det! Men dei gjer det altså så hjerteleg at det er heilt umogleg å ikkje beundre dei for det.

 Det gjev oss mogelegheit til å oppleve mange forskjellige dyr. Eg trur det er viktig at ungane mine får det. Og når eg ser kor dei koser seg saman med dyra og kor ivrige og interesserte dei er, veit eg at eg har rett. Og vi reiser derfrå med knuste ungar som eigentleg helst vil flytte inn i fjøsen kvar gong. Dei vert ikkje leie! 





Der er leikeplass på tunet med trampoline og det som ellers er på leikeplassar. Ein kan hoppe i høyet, og der er grisar, alpakkaar, sauar, esel, kaniner, fleire hestar, ein hund, masse kattar som får kattungar heile tida og gjer at det er bort imot umogeleg å få med jentene heim, høner og masse andre fuglar. Og ein lavvo der vi kan grille pøsler og pinnebrød eller berre varme oss om det er litt surevèr. Gråtass tek oss med på tur litt opp i fjellet.



Favoritten her i huset er sjølvsagt hesten Lilja. Eg vert nesten litt flau fordi jentene står i ridekø HEILE tida! Eg må liksom avlede dei litt inn i mellom så ikkje dei som leier hesten får heilt gnagsår.  

 

I kafèen, som er i løda, har dei kaffi og brus og masse deilig heimebakst og vafler. Der er glas i golvet så ungane ikkje går glipp av noko nede i fjøset. Og det geniale er altså -dei har butikk i kafèen!!! Og så  sel dei berre dei vakraste ting der! Det er berre heilt genialt altså. Medan far et vafler og ungane leikar ute kan eg gå rundt og rundt og rundt og rundt ogs berre nyte og plukke litt her og der og kome heim med glas og boksar og andre småskattar i dei flottaste fargar. Du kan også kjøpe kunst, leiker og kle. Det er berre heilt genialt! Og eg elskar det. 

Alle dei andre bileta er frå i fjor, men dette er frå den nyoppussa butikk-kafèen.
Fantastisk!
Med den nye servise-serien frå pip.
Samme som tapeten min på stua.
Eg seier ikkje meir!

Hakallegarden er min absolutte favoritt! Og nei, eg bryr meg ikkje litt om fjøslukta eingong...

Denne helga tok vi søndagsturen på laurdag. Gjekk fint det også;)

I dag har vi berre vore heime og sett ski -heia petter-, eg og jentene har baka bollar, vi har leika litt og hatt kaffibesøk med fastelavensbollar. 


Håper du har hatt ei fin helg du også, og at du får ei flott veke!

tirsdag 1. mars 2011

Det forunderlege treet

Dette er ei bok eg med handa på hjertet kan seie at eg har stole. Eg lånte den fyrst, på bibiloteket på barneskulen. Var det allereie då det byrja? Som eigentleg var sånn to meter med fire bokhyller med bøker frå då far min gjekk på skule. Utan bilete. 

Så var der altså denne:


Teikningane er så fine syns eg, og historia er fantasifull og enkel! Og så er den på nynorsk. Ei perfekt barnebok rett og slett!

 Lasse tek heisa opp i treet.

 Han kjem til huset i treet.


Ein dag var heile verda gul... 
Og blå
Og raud


Og det var vår og sommar og haust og vinter. Med skitur på ei grein sjølvsagt... 

Slutten kan eg ikkje røpe vel?

Eg elska iallfall denne boka når eg var lita! Så eg måtte berre stele den ;) Eller iallfall veldig bevisst ikkje levere den tilbake... Eg syns fortsatt det er ei kjempefin bok. Det som er så uendeleg trist, er at det manglar ganske mange sider i den... Eg vil så gjerne eige ei heil ei. Nokon som veit kvar eg skal leite?