fredag 4. februar 2011

Litt seint ute

Ja, så vart eg med på dette også då... Eg kjenner eg er litt nervøs! Galskap. Eg trur eg hadde facebook-konto i kanskje to år før eg torde å skrive noko der. Og når mirc var moderne sat eg å venta på at nokon skulle sei hei til meg for eg torde ikkje å gjer det sjølv! Blyg liksom... Eg er generelt veldig skeptisk til, eller kanskje heller engsteleg for, å treffe folk på internett. Det er skummelt syns eg. Og ja, eg veit det er litt rart. Og kanskje er eg litt gamlis når det gjeld nymotens greier, ikkje veit eg... Men no har eg jammen oppretta blogg. Etter å ha tenkt meg godt om i eit halvt år. Og etter at monge andre har gått lei og slutta. No er eg med på galskapen! Eg er med!!!

2 kommentarer:

  1. ÅÅÅ, så flott! Har ventet på det, jeg følger med! Bedre seint enn aldri!

    SvarSlett
  2. Gratulerer med bloggen! Må seie det har vore interessant å fylgje prosessen i frå du først vurderte å opprette ei bloggside til ideen vart realisert fire år seinare. Dette er altså resultat av ein nøye overveid avgerelse, og kan absolutt ikkje seiast å vere ein impuls. Eg støtter deg som vanleg, og heiar på deg!

    Vil også nevne at din frykt for å treffe skumle folk på internett er heilt ubegrunna med tanke på at det treningsstudioabonnementet du spanderte på meg i aller høgste grad begynner å gje resultat (til skrekk og advarsel for den som eventuelt har tanker om å vere skumle for kona mi)

    Gler meg til å få lese litt om dei tankane du ligg og grublar og funderar på i timesvis etter at eg har lagt hovudet mitt på puta og sovna med ein gong..

    SvarSlett

Eg vert kjempeglad om du legg igjen ein kommentar!