onsdag 23. november 2011

Sjølvdisiplin...

Det skulle no berre mangle! Sjølvsagt kjem det eit blogginnlegg no… Etter ei kjempelag pause må det sjølvsagt kome no. Burde vore forberedt på dette, eg har jo vore gjennom det så mange gongar før. Men nei då! Det kjem som ei openbaring kvar gong eg ser samanhengen.

Eg sette i gong ganske tideleg i år eigentleg… Eg starta å planlegge klesrom på loftet, fann ut at eg må rive dei upraktiske skapa på roma til jentene, vaskekjellaren må kome i orden og mannen fekk beskjed om å rive opp golvet og kontakte rørleggar, det vart bestilt ytterdør og tre innerdører som berre må skiftast, eg bestilte ny sofa og planlegg å tapetsere ein vegg på stova, vi har lagt ut mange møblar for sal fordi eg har drege i hus altfor mykje, gravearbeidet i hagen går vidare og planlegging av ny trapp og altan ute er i gang. Kvar dag finn eg på nye ting som må gjerast; rydde frysa, rydde i løda, levere ei bok på biblioteket, rydde i kleskapet til jentene, planlegge julegåver, rydde skuffene på kjøkenet, sjå eit uinteressant tv-program med stor entusiasme, lakke negler, rydde sengekleskap, levere ting til bruktbutikken, skrive blogginnlegg… Eg har lyst til å bake alle slags kaker, sette i gong alle mogelege strikkeprosjekt, lage julepynt, trene, rydde, vaske, lese ei lang liste bøker.

Det er eksamenstid!
Og eksamenstid er ikkje noko å spøke med skjønar eg...

Så sånn ser det ut heime med meg… (Bileta er ikkje arrangert.)

 Her sit eg og jobbar. Skikkeleg sunt arbeidsmiljø!
Legg spesielt merke til lampa, kva gjer den der..?!!

 Det er ikkje berre eg som rotar, då... No får jentene utfalde seg fritt, noko som også set sitt preg på heimen...

 På gangen oppe er det rydda veg inn til soveromma...

 Emine sitt rom er meir som eit lager no. Her er skapa som må rivast. Slik at ho får plass til stor seng og slepp å ligge i skyveseng til ho vert vaksen.

 Gjesterommet er fylt med ting som ventar på å fare til bruktbutikken. 
Kjem på at eg må hente kasser ein dag...

Eindel av leikene til jentene som for tida ikkje har ein plass å vere. 
Men dei står igrunnen fint her...


Eg kvir meg for å få besøk, og den som tek turen er hermed åtvara!
Og de er hjarteleg velkomne! Eg skal diske opp med dei deilegaste kaker, kaffi og godt selskap;)

(Det kan kanskje virke som eg likar å vise fram kor rotete det er i huset mitt (lat stå!), men eg er ikkje det altså... 
Eg er berre heilt ærleg.)

7 kommentarer:

  1. Endelig tilbake i bloggland! Har virkelig savnet deg!

    Lykke til med alle prosjekt, og først og fremst eksamen! Noen ganger har jeg på følelsen at når man mobiliserer energi for ett prosjekt, så blir det nok til flere!

    Blogges!

    Line

    SvarSlett
  2. Eit rotete hus er tegn på ei aktiv hjerne!!
    For å seie det sånn, så skal eg IKKJE ta bilete av huset her i dag ;)
    Lika innlegga dine, fine, usensurerte :D

    SvarSlett
  3. Får håpe eg er tilbake no då, og at dette ikkje berre var ei "fortrenge eksamnen"-metode! Prosjekt er det nok av for å sei det sånn, men no er det fullt fokus på eksamen og eg sit å skriv oppgåve no. Eigentleg;)

    Takk for oppmuntrande ord Josefine. Då har eg eit sjukt aktivt hovud for tida, stemmer nok det... Kjekt at du likar innlegga mine:) Eg tenkjer at kanskje fleire kavar med å få til alt heile tida, og at kanskje ein eller annan senker skuldrene litt etter å sett at det er heilt vanleg med litt kaos. Iallfall heime med meg;)

    SvarSlett
  4. Eg syns det e like koselig med dokke sjølv om det er litt rotete eg:) Merka godt at eg ikkje har eksamenstid, for eg har ikkje lyst å gjere nokon ting. Når har du eksamen? Vi håpte å få tid til å besøk dokke før jul.. klem

    SvarSlett
  5. Ja, det kan vere koseleg når det er litt rotete, men dette er ikkje LITT rotete Ann! Dette nærmar seg galskap;)Siste eksamen på onsdag, så då vert det fart i meg. Håper eg... Treng ikkje å gjer så mykje heller Ann! Berre kos deg, det er vel nok:)Håper vi sjåast før jul!

    SvarSlett
  6. Sit her og "humrar og ler" av innlegget ditt. Du er god å skrive og herleg at du er så ærleg:-) Kjekt å lese bloggen din av og til! Godt nytt år om få straksar....
    klem Camilla

    SvarSlett
  7. Bra du ler:) Håper dei fleste gjer det... Målet mitt er å vere ærleg med meg sjølv og andre, og det verker som mange stressa mødre set pris på det;) Kjekt at du likar å lese bloggen min! Og veldig koseleg at du legg att ein kommentar:) Kan ein sei godt nytt år anno? Eller godt år vidare kanskje..? Eg håper iallfall at de har det godt:) Klem

    SvarSlett

Eg vert kjempeglad om du legg igjen ein kommentar!