onsdag 8. februar 2012

Oppsummering...

Det har roa seg ganske mykje sidan sist. Då var det meir eller mindre galskapeleg stemning her i heimen.

Ei lita oppsummering;

Det gjekk bra på eksamenane denne gongen også. Eg var så usikker på om eg i det heile tatt skulle ta dei fordi eg følte meg så uforberedt, men to veker før bestemte eg meg og gav full gass med håp om å stå med eit naudskrik. Det gjekk mykje betre enn forventa. 
Hurra for meg! 

Så plutseleg vart alle mine bekymringar veldig små... Rett før jul mista vi Oskar, sonen til svigerinna mi. Oskar vart berre 13 år og livet kjennest så urettferdig. Vi sørgjer over Oskar som ikkje fekk vere med oss lenger, og tenkjer mykje på dei aller næraste som har det svært tungt. Eg tenkjer sjølvsagt mykje på mammaen, Anne, som har mista guten sin. Som mor kan eg berre prøve å tenkje meg kor låkt det må vere... Jentene mine snakkar og spør mykje om dette med døden og kvar Oskar er no. Eg svarar så godt eg kan og undrar meg saman med dei… Og så brukar vi å vinke og sende slengkyss til han der oppe i himmelen. Og gler oss til å sjå han igjen…



Slike hendingar set ting i perspektiv, og forberedinngane til jul og jula vart litt annleis enn planlagt. Fokuset vart på dei nære og kjære. Før jul har eg bursdag, og eg feira ikkje 30-årsdagen min i fjor. Derfor markerte eg min siste dag som tretti med ein venninne-kveld. Det var veldig kjekt, og eg er så glad for at eg har så mange flotte folk rundt meg. Eg er rik!

Jula fekk ei litt spesiell stemning i år, med orkan og straumbrot og nettløyse. Eg syns det passa heilt perfekt! Det vert ei heilt anna stemning når ein er utan straum. Det kan sjølvsagt by på utfordringar, men flest fordelar. TVen er av, kanskje det mest merkbare i dei fleste heimar, utanom at det er mørkt då… Og det vert ofte sånn at familiar trekk saman, gjerne rundt same bord i same stove og snakkar med kvarandre. For det er der det er lys og varme. Vi kosa oss glugg i hel iallfall! Vi åt kringler tina på omnen, spelte Yatzy med jentene, sidan det var lett nok å sjå dei svarte prikkane på kvite treningar, og vi hadde spelekveld med lommelykt. Og snakka om at vi kanskje burde slå av sikringane ei helg inn i mellom...


Rett etter nyttår for eg og mannen til Trondheim på kjærast-tur. Eg har aldri vore i Trondheim før, og fekk tur med mannen min i bursdagsgåve. Kjekt å få tur i gåve altså! I fjor fekk eg Praha-tur, og det er heilt greitt om dette vert ei vane;) Trondheim var superbra, og vi hadde det kjekt! Det er herleg å få ei pause frå kvardagen, og så kome tilbake med gode minner og litt meir overskot.
Sidan det har dagane gått og vi har kome oss inn i rutinane igjen, og til og med prøvd å forbetre nokre av dei. No har eg tatt til på skulearbeidet igjen, og syns det er supert. Heldigvis!

Så då får vi sjå då, kva det nye året kjem med...

L
VEL
V

til neste gong:)

2 kommentarer:

  1. Veldig koselig at du blogger iblant!

    Lykke til med studier!

    Klem

    SvarSlett
  2. Eg har tenkt å prøve å verte jamnare... Får sjå:) Eg er inne og les dei kjekke innlegga dine, men har visst kommentert som anonym nokre gongar... Og takk for eit "lykke til", det trengs av og til:) Klem

    SvarSlett

Eg vert kjempeglad om du legg igjen ein kommentar!