tirsdag 21. juni 2011

Kvar si boble...

Er det ikkje rart? Eg syns det. 

Vi har vore ein liten tur i syden. Der hadde vi det godt!
Så reiste vi heim...
Kjem sannsynlegvis aldri tilbake. Ikkje fordi det ikkje var ein bra stad å vere, for den var super! Berre fordi det er kjekt å reise til ein heilt ny stad neste gong..
Vi er heime i kvardagen. Vår kvardag. Med rutiner og vaner, med fleire gode minner og ein eller to nyansar brunare i huda.

Men det eg syns er rart, er altså at livet der går vidare utan meg.

Livet går faktisk vidare der i syden. Det bor andre på rommet mitt, maten vert servert til dei same tidene, badebassenga er fulle av andre solbrente turistar, sola skin og idag har ungane indianardag.
Alt dette foregår utan meg. 
Alle dei eg dikta spennande historier om er også  tilbake i kvardagen... Og eg kjem sannsynlegvis ikkje til å treffe nokon av dei igjen heller.
Dei lever utan meg i livet sitt.
Hotellet og Lollo og heile staden vi var på er også kvardagen til nokon. 
Uten meg.
Heilt uavhendig av om eg er der... 

Kanskje ein rar ting å syns er rart, men eg berre tenkjer på kor mykje eg ikkje er med på her i mi litle verd, mi boble. Ikkje at eg saknar noko, eg har eit godt liv! Men så tenkjer eg på at alle dei som var der ilag med meg også har ei eiga lita boble. Så tenkjer eg at alle har ei boble, alle i heile verda. Og då vert det stort! For tenk at alle har ein kvardag, på godt og vondt... Og dei fleste kjemper for å overleve i denne kvardagen. Og alle sin kvardag er like mykje verdt som min. 

Eg må berre sei at eg vert overvelda. Sånn er det med den saken...

Håper alle får ein fin sommar, og at kvardagen vert ein god stad å kome tilbake til...

Ps Det verkar kanskje som eg meiner at eg er verdas midtpunkt eit par stader i denne teksta. Eg vil berre presisere at det er akkurat det eg meiner også!

Pps Berre tulla;)

Hihihi!

onsdag 18. mai 2011

Dagen derpå

Dagen derpå dagen av alle dagar, det er i dag.

Eg føler meg litt tom... Som når eg har jobba lenge med noko og det plutseleg er over. Litt sånn trist følelse liksom, men også godt. Ei epoke er over og kvardagen kan ta til igjen. Tenk om eg hadde vore prosjektledar for eit stort prosjekt då, når eg har det sånn etter ein 17. mai! 

I huset herskar totalt kaos! Same kor mykje eg ryddar og pyntar til slike dagar, er det umogeleg å sjå  når dagen har starta.
Kroppen verker etter mange timar med ståing og gåing i bunadsko.
Hovudet er sånn passe fullt av inntrykk, og litt  sånn "marodert" etter alt det eg skulle hugse, som eg trur eg hugsa, og som eg iallfall ikkje treng hugse i dag, men som eg tenkjer på likevel...

Det meste gjekk etter planen. Med eit stramt program gjekk det verkeleg over all forventning!

06.45     Stå opp! Mat, drikke, utkledning og sminke så er fantane klar.
08.00     Oppmøte, klargjering og oppstilling til fantetog.
08.30     Fantetoget startar. Vi vekker bygda med hurra-rop!
09.30     Alle i dusjen! Ikkje alle på ein gong då....
10.15     17. mai-frukost.
11.00     Far tek ein formiddagslur, jentene vert plassert framfor 17. mai-tv og mor startar på kaketilbereding.
11.30     Kle! Vi må få opp farta og få på oss feststasen.
12.00     Toget kjem og vi rakk det!
12.30     Mat, is, brus, snop, leikar og mykje folk på skulen.
15.00     Festen startar! Vi syng nasjonalsongen, høyrer korpset spele og går heim. Talen får vente til ungan vert større.
15.30     Besøk til oldemor for å vise fram dei flotte bunadane våre. Ho byr sjølvsagt på is!
16.30     Siste innspurt på kakepynting.
17.00     Koldtbord med familien over vegen.
18.30     Leiketid:) Vi hiv finstasen, dreg på oss bukser og joggesko og tek turen "nord i gara". Der ventar eit bugnande godtebord, for vi har ikkje ete nok enno nemleg... Kubb, ringspel, potet på skjei i fleire fantasifulle variantar, alle mine duer kom ut og til slutt pølse med brød og brus til kveldsmat.
21.30    Ungane endeleg i seng! Eg sovna på sofaen få minutt seinare....

Bra jobba!

Det er utan tvil den kjekkaste 17. mai eg har hatt nokon gong!
Ungane hadde det kjekt, og vi fann fram borna i oss sjølve vi vaksne også. Leik altså! Det er undervurdert som vaksenaktivitet!! Og det var ikkje noko å sei på engasjementet heller, for å sei det sånn;)

Å lage gode 17. mai minner for både små og store er vel verdt bryet! Og det gjer opp for ein litt treig og seig dagen derpå...

Håper du hadde ein fin feiring du også:)

23.54     Jentene, som for tida ligg ilag i gjestesenga, ropte frå loftet. Minstejenta hadde tømt magesekken og fyllt senga med dagens snop- og matinntak. Ikkje berre senga heller faktisk... Jentene i badekaret, full dusj og hårvask og litt klesvaskarbeid som en liten innspurt på slutten av dagen.
00.30     Freden senker seg igjen over heimen.

onsdag 11. mai 2011

Enkel glede...

Nydeleg vêr.
Nesten som ein sørlandssommardag.
På Sunnmøre.
I mai.
Tidleg i mai

Sjølv om eg er litt i “av”  modus når det gjeld både blogging og anna, må eg berre dele dette med dykk! I går hadde eg ei fantastisk utflukt. Eg gav meg ut på eit kjempeprosjekt! Det var ikkje berre veldig ambisiøst for meg å vere, det var igrunnen litt spennande også... Eg bestemde meg for å gå heile Rundefjellet. Aleine. Det siste var eg litt skeptisk til. Ein kan no treffe på så mykje rart på fjellet, og det er no ein viss fare for å bryte ein fot også... Eg kunne iallfall ikkje vente til søndag. Då kan det snø. Nei, det var berre å ta sats! Kjøpte sjølvsagt “10 på topp” kortet. Og håpte på eit klipp. Men klipparen er nede på fyret og der har eg aldri vore. Der er visst veldig bratt. Og kanskje eg er litt lat..?

Eg gjekk opp i Goksøyra. Der er også bratt. Fyrste fordel med å gå aleine; det er berre å puste og pese alt ein maktar utan at nokon treng å tenkje noko som helst om det. Det er SÅ slitsomt å holde igjen pusten! For eksempel for å ikkje skremme turkameratar så veldig, fare for å svime av faktisk! Men no var det berre å pese på. Og ta pauser akkurat når det passa og gå akkurat så fort eller sakte som eg ville... Det var fordel to og tre.



 Berre så du veit det liksom...


...og vi overdriv ikkje!

Eg satsa på fyret. Det kan no ikkje vere så bratt som folk vil ha det til vel? Det er no mange som går ned dit. Trur eg. Eg sette iallfall utfor, heilt fornøgd med at det  endeleg skjedde. Eg til Runde fyr. Eg innsåg etterkvart at bratt ikkje var ei overdriving. Det kan vel seiast at det lett kan verte med livet som innsats. Ikkje for å skreme nokon altså! I mitt hovud er det som regel verst tenkjelege utfall som er gjeldande... Iallfall, eg innsåg ganske fort at det ikkje er den smartaste turen å gå åleine. Om eg hadde ramla der kan det hende det hadde vorte litt trasig...

 Målet!
Dei kvite dottane er faktisk...

...store sekkar med store heller til utbetring av vegen.
Som må ha komt dit med helikopter.
Lurer litt på korleis dei får dei utover..?
Dei er større enn dei ser ut, for å sei det slik...

Vel nede fann eg klipparen og fekk mitt fyrste klipp, åt niste medan eg lufta tærne og manna meg opp til turen oppatt. For er det bratt ned, er det like bratt oppatt. Mogeleg med livet som innsats det også...

Fyrste klipp:)

 Og lufting av varme tær.... Ahhhh!

Eg kom meg opp, gjekk opp på Rundebranden og vidare over heile fjellet. Eg gjekk ned Repet på Runde og gjekk vegen utatt i Goksøyra. Turen tok fire timar.

Fjellryggen med utsikt til verdas ende!

Eg skal ikkje vere beskjeden - eg er stolt av meg sjølv på monge måtar. Eg gjekk åleine. Eg kom meg endeleg  ned til fyret. Eg gjekk faktisk heile turen.  Eg kjeda meg ikkje, men kosa meg kvart sekund. Eg brukte dagen på noko fornufrig.

Det beste av alt! Det er ikkje mindre enn rein terapi å gå ute i fjellet slik. Og det var kanskje berre ein fordel å gå åleine. Sjølvsagt er det kjekt med selskap, og eg føretrekk nok det... Men det å få gå i mine eigne tankar, reinse hovudet, ta inn inntrykk og berre vere heilt meg sjølv, det gav berre ein så god følelse! Meditasjon og rekreasjon på sitt aller beste.

Unn deg sjølv denne enkle gleda du også!

mandag 25. april 2011

Allergi?

Åh! Av og til får eg berre heilt data-allergi og orkar omtrent ikkje å tenkje på å starte opp maskina. Sånn har eg det no, har alt hatt det sånn i nokre veker! Veit ikkje kva som gjer det heller... For det er ikkje sjølvsagt at det er veret. Det kan spele ei rolle, at når sola skin så gjer eg heller andre ting enn å bruke tid på dataen. Likevel kan eg ligge på sofaen å surfe medan sola skin og folk flest heller er ute. Og eg kan like godt ha denne allergien om hausten og om vintere når det både bles og regnar.  Så veret er dermed ikkje avgjerande. Det neste som då verkar naturleg  å tenkje på, er om det er på grunn av dårleg tid. Det kan eg enkelt og greitt avvise med ein gong. No for tida har eg kanskje for mykje tid. Kva kan det då vere? Er eg kanskje berre lei? Det kan vere det. Men kva er eg lei av skal tru? For alt er uinteressant! Når eg tenkjer meg om famnar det breiare enn data. Det gjeld nyheiter også. Og de som kjenner meg godt veit at eg er vanskeleg, om ikkje umuleg, å få tak i på mobilen i perioder. Ok, kanskje mesteparten av tida... Men nei, eigentleg ikkje! For av og til er eg berre litt lei av å vere veldig tilgjengeleg heile tida. Så då er det vel kanskje det, at eg vil ha litt fri? Men eg vil gjerne treffe vener og snakke med folk likevel. Og nyheitene liksom? Har det noko med kor tilgjengeleg eg er? Eg veit jammen ikkje... Kanskje det berre er ein allergi?  

Om eg likevel skal finne ein grunn og vere fornøgd med den... Eg veit eg at eg reagerer sterkt på inntrykk og følelsar. På godt og vondt. Og når eg tenkjer på kor mykje eg må fordøye i løpet av berre ein dag når det gjeld beskjedar og tv og radio og teknologi og innboksar og folk og røre, så er det klart at det kan verte fullt! Og med mange slike dagar og aukande antal kanalar som berre så gjerne vil at eg skal bruke dei, så treng eg nok berre ei pause. Eg trur eg må konkludere med det. Med fare for å framstå som ei skranglete og sart sjel... Eg taklar det, eg er berre ikkje entusiastisk....

Pause.   

Den gjer godt. Den pausa...  

Heilt til eg forstår at det nesten er heilt umogeleg å få heilt pause! Folk og avtalar og oppdateringar og beskjedar og alt slags rask samlar seg berre opp og vert til dårlegt samvet. Ikkje at folk og avtalar og beskjedar og resten av teknologien er negativ, for det er rett og slett genialt og kjempepraktisk, men... Det samlar seg opp. Og det vert litt å ta igjen. Og folk ventar. Klart ventar dei. Dei ferraste veit kvifor eg er så ufatteleg treig...   

Er det berre eg som syns det er litt skremande? At for å henge med må ein vere innlogga til ei kvar tid, ein eller annan stad, på ein eller annan måte?

Eg reknar med at allergien snart er over for denne gong, eg gler meg til det :)  Enn så lenge; om du har bursdag- Gratulerer! om du reiser vekk- God tur! om du prisar våren- eg er enig! om du bakar- Bon Appetit! om du har det bra- så er eg glad! om du er lei- et ein sjokolade! om du ventat- du skal få svar! om du må ha tak i meg- ring Kristoffer! ;)  

Brått er eg her igjen!

onsdag 30. mars 2011

Jippi! Vi kom oss ut!

Det er ikkje alle dagar eg er like effektiv, produktiv, kreativ og full av energi. 
I dag var ein sånn dag. Med lite energi. Sjølv om sola skein. Det er igrunnen uvanleg... Likevel, eg og ungane var inne heile dagen... Var litt dorske, forkjøla og avslappa. Vi såg ut på sola og den blå himmelen. Ikkje hadde jentene dressane heime heller... 
Eg ser no at det ikkje var ein særleg god plan å sitje inne, men eg synst då det var veldig behageleg. 
Korleis klare å snu ein slik dag? Vi fann eit formål. Og ei mogelegheit til å sleppe å lage middag. Og vi fekk dressane heim frå barnehagen. 
Å sleppe å sitje her i kveld, å angre på det vi ikkje gjorde i dag, at vi ikkje naut denne deilige dagen, det er ein god følelse.

I dag åt vi middag ute



Vel, ein sånn pedagogisk korrekt middag var det vel ikkje akkorat. Der var både raudt kjøt, mykje fett, kvitt brød, eindel salt og sukker involvert... 
Vi får tole det iblant
Storepia feira femårsdagen sin med pølsefest i helga. I dag tok vi restane.
Pølser med brød varma på primus rett bakom huset i eit nydeleg solskin. 
Fuglane kvitra. 
Sola varma. 
Snøen smelta
Gløymde nesten at det var snøkave i går... 
Det var deilig det!




Fekk endeleg tatt ei vår-reingjering i kaninburet også. Så har dei fått flytta ut av løa. 
No må det vel verte vår??!


Håper du òg  fekk nokre deilige timar i sola i dag!

torsdag 24. mars 2011

Lappar

Når eg var lita trur eg dei fleste ungar hadde lappar på bukseknea av og til. Eg hugsar mi favorittbukse! Det var ei dongeribukse som eg brukte støtt. Heilt til den var for lita. 
(Det er noko med godt brukte dongeribukser... Dei er så mjuke og snille liksom. Strammar ikkje eingong...) 
Men før den rakk å verte for lita gjekk det sjølvsagt hol på knea. Det var nemleg ei leikebukse. Og eg rakk å slite hol på kleda mine. Kanskje fordi eg ikkje hadde kjempemange bukser å skifte mellom. 
Andre tider.

Det vart iallfall hol i denne buksa. Og det var no litt krise. Eg skulle ikkje ha lappar på buksa mi! Eg gjekk no trass alt i kanskje fjerde klasse. Lappar var for småungar som sat i sandkassa og sånn...  Men mora mi visste råd veit du. Ein kveld ho var i det listige hjørnet tok ho å sydde på lappar likevel. Hjertelappar. Med rosa sikksakk rundt. Då var det i boks! Og buksa vart brukt minst like mykje. Om ikkje meir!

Hjerte på kneet er i grunnen greit for ein fjerdeklassing...
Sjå for deg den rosa kanten.
Smelt!

No vert kleda mest slitte av vask trur eg. Så eg vart overraska, og kanskje nesten litt kry, når jentene kom heim med hol på knea! Kanskje er det på grunn av kvaliteten på buksene. Det kan no hende... Eg vel likevel alternativet: det er eit sunt teikn at dei har leika hol i buksene sine!

Eg har ei symaskin.
Eg kan no lappe dei, tenkte eg, for det er no gale å berre kaste desse buksene. Ikkje er det nødvendig heller. Det er for gale med all denne kjøpe og kastinga. Så eg sette i gong.  
Eg har  ikkje brukt symaskina mi meir enn kanskje fem gongar. På fem år. Eg er altså inga syerske.  
Spennande!

Ja, desse geniale hjertelappane. Klippe ut hjerta gjekk som ein leik, som forventa. Å sy dei på skulle vel ikkje vere noko verre? Men jammen- det var knoting det!! Berre å få buksebeinet inn på symaskina var ei utfordring, å sy ein fin bue og klare å lage eit heilt hjerte ser eg på som heilt umogeleg. Mamma må ha brukt magi!

Det vart med sikksakk-lapping på godt og gammaldags vis. Det var ikkje enkelt det heller skal eg seie deg, men holet er tett og buksene godt brukbare. 
Rosa tråd gjer kanskje susen?

 Ja, ja... Så vart det litt skrukkete...

Om de ser godt etter -her avanserte eg! Sydde ein veg med lyserosa og ein veg med mørkerosa. 
Imponert? ;)
Veit ikkje heilt kvifor den brune undertråden kom igjennom.

Medan eg sat og sydde byrja eg å tenkje... Kva tid såg eg ein unge med lappar på knea sist eigentleg? Eg kan ikkje kome på å ha sett det på lenge, lenge, lenge.... Ikkje at eg har sett etter det heller. Men er det noko eg hadde lagt merke til? Legg andre merke til slikt? Sidan det er så sjeldan? Kva tenkjer ein om lappa kne no om dagen? Tenkjer ein noko spesielt? Kvifor er det så få som har det? Skal tru om ungar legg merke til det? Kva vil dei sei skal tru?

No er iallfall desse buksene unike. Litt heimelaga liksom. Det er no heilt i vinden for tida.
Og dei varer enno ei stund til!

 Ha ein flott kveld vidare:)


onsdag 16. mars 2011

Lat stå!

For all del! Eg syns det er heilt greit å skryte av seg sjølv. Eg gjer det ofte eg altså! Og det er sjølvsagt viktig å vere fornøgd med det ein gjer og får til. Heilt nødvendig!

Likevel, dette er heilt ærleg tala. Med fare for å framstå som mindre flittig husmor. Som ei lita oppmuntring til alle som ikkje kan fortelje alt dei får gjort kvar dag. (Facebook og slikt kan nesten vere farleg for ein stakar.) Fordi de ikkje har fått gjort alt. Eller kanskje ingenting. Til alle de som er litt sånn fortvila over å ikkje strekke til. Til deg som trur du er aleine om å ikkje orke alt. Du som av og til føler deg litt mislukka.

Eg håper du fins. Så det ikkje er berre meg. For då dummar eg meg litt ut her... Men eg trur vi er fleir. Kanskje ikkje håper... Men trur.

Lat det stå til i morgon! 

 Det gjor eg...


 Av og til er ein berre heilt skutt!


 Og alt berre tårnar seg opp!


Det er så slitsomt når det virkar som alle fiksar alt så mykje betre enn meg. Kanskje har du det slik óg? Då  vil eg berre seie at eg ikkje rekk alt eller får til alt eller gjer alt heilt skikkelig alltid heller. Du er ikkje åleine. Og eg øvar på å verte enno dårlegare også. Faktisk! 

Og ingen her vart verken sjuke eller fekk varige mén sjølv om dette stod på benken over natta. 

Men det var sjølvsagt kjekt å få rydda opp også då...

Og det gjekk lett som ein leik.
Middagen vart også klar:)


 Ei god natts søvn kan visst gjere underverker både for kropp, sjel og kjøkken ;)

Ha ei fin veke vidare!
Med kanskje litt mindre høge krav til deg sjølv...