søndag 29. april 2012

Vår - det ligg i lufta


Størstejenta er rosaruss i år, og vart døypt "Sangfuglen" på onsdag. 
Åh, kor vi har gledd oss til dette:)

Fyrste russeknute; ete ein is på tre minutt. 
Den klarte ho heeeilt fint, for å sei det sånn;) 

Stolt russejente!
Med ei litt slitsom fløyte...! 

I dag har vore ein nydeleg dag!
Vi har vore ute heile dagen.
 
"Vi vandrer med freidig mot..."


 Fjellgeitene tek føringa. 
Hoho, kor dei langar ut!


 Ei lita feiring av oss sjølve ved Kaldekloven. 
Det var eigentleg målet i dag....


 men trur ikkje du at vi gjekk heile fjellet då..?


Både små og store er fornøgde med innsatsen, 
og vi speidar med beundring tilbake på strekninga vi har gått.
Eg er imponert over små føter i dag altså! 


  Nede! 
Med gele-bein etter å ha gått ned Repet.

Så gjekk turen vidare til Grønfjellsvika


 Litt spikking...


...eit bål...


...og middag!


Og noko så sjeldant som eit bilete av husbonden!
Flott kar!
*smask*


Til slutt,
desserten.

Annéa var nesten på gråten i går, då sludda det.
"Vi får aldri grille marshmallows, vi..."
Men i dag vart det, og med eit hint av sjokolade;)


Ein deilig dag!
Eg kjenner sola som varmar litt meir i dag.
Eg nyt luktene av jord, gras, skog, saltvatn og gjødsel.
Eg høyrer muntert fuglekvitter og lukkeleg barnelatter.
Eg vert så inderleg glad!

Eg kjenner at eg lever.
 

torsdag 15. mars 2012

Ein skatt i hjertet...

Eg kjenner det er naturleg å skrive eit innlegg om sorg no, det hadde vore unaturleg å blogge vidare utan. Men det er veldig vanskeleg å reflektere over noko så låkt og så stort når eg er midt opp i det…

No er det over ein månad sidan eg mista faren min. Sidan livet mitt heilt plutseleg vart røska tak i, fillerista og snudd opp ned. Det kjendes slik, dei fyrste dagane. Ingenting var på plass inni meg, noko av det som heldt meg fast var vekk. Det kjennest i grunnen sånn enno, sjølv om eg har vore nøydd å få nokre bitar på plass igjen. 
Det er enno kaos inni meg.

Eg trur ikkje ein forstår korleis det er å miste ein forelder før ein har gjort det. Kanskje uansett kva alder det skjer i. Eg føler eg har mista ein del av historia mi på ein måte, og eg forstår at eg skal verte heilt aleine ein gong, utan dette festet i grunnlaget og generasjonane før meg. Eg vil få ansvaret på ein måte.

Ein pappa er grunnlaget for sjølve livet, eg hadde ikkje vore her utan han.

Min pappa var eit fundament i vår familie. Han stod støtt og vi visste at han var der, alltid. Eg og pappa var ikkje einige i alt. Vi kunne krangle og stå på vårt, like sta begge to- huttetu! Mamma var ofte ein smule fortvila... Men eg visste alltid at han var der om eg trengte han, same kor stort eller lite det var. Og usemjene vart fort gløymde. For sånn var pappa. Han visste ikkje kva godt han kunne gjere for meg om eg hadde det tøft. Han slapp det han hadde i hendene og kom om han kunne hjelpe. Han brukte mykje av si tid for å gjer livet lettare for meg og for oss. Han var så til randa fylt med ubetinga kjærleik til meg og til heile familien, og vi visste det alle saman. 
Å ha ei sånn tryggheit i livet, følelesen kan ikkje beskrivast med ord…

No er på ein måte heile grunnlaget mitt rokka ved, som eit jordskjelv. Eg har vorte smerteleg klar over kor skjørt livet er, og kor brått alt kan snu. Alt det trygge kan dette i grus frå det eine sekundet til det neste. Det er sånn; det eine sekundet lever du, i det neste er du død. Og slik skal det verte for alle. Tankane mine vert litt sånn rare av det. Litt sånn; korleis skal eg gripe an livet vidare? Skal eg verte livredd for å dø? For at andre skal dø? Skal eg verte heilt galen og hoppe ut frå høge fjell? Skal eg spare til eg vert pensjonist? Skal eg reise verda rundt? Eller flytte til Afrika? Kva er vitsen med ny bil? Kvifor lære, studere, jobbe? Kva er meininga eigentleg?
Vi spelte ein song av Bjørn Eidsvåg i gravferda, Slutt. Når eldste jenta mi på snart seks år høyrte den, klarde ho endeleg å gråte over morfaren sin. Den beskriv så treffande kva eg og ho, og kanskje fleire tenkjer om livet og døden, for det tenkjer eg mykje på…

så drist eg meg te å spør
koss e nå detta her
når hjertas siste slag har slått
ka e det då som skjer
e det bare slutt
og ka e i så fall det
ka e ingenting
kan me begripa ka det e

eller e det noke
som alltid vil vara
det besta og finaste i oss
det me ikkje kan forklara
det må vær lov å håpa på
at slutt ikkje e slutt
eller blir linjå te alt me kjenne
simpelthen bare brutt

eg vet kje ka eg tenke
eg vet kje ka eg trur
med liding e det nok av
i den verden me nå bur
eg ønske meg noke fint
eg ønske meg litt fred
og at me alle skal vær glade
og lik oss der me e

så drist eg meg te spør
koss e nå detta her
når hjertas siste slag har slått
ka e det då som skjer

eg vil kje bæras av ein storm
eg vil bæras av ein bris
…..

Så veit eg eigentleg ikkje heilt kva eg tenkjer om himmelen og kva som skal skje der… Men eg kjenner at eg har fått behov for å håpe på at eg vil treffe igjen pappa eingong, ein stad. At eg får fortelje han kva vi har gjort med huset, at vi har klart oss bra og kor mykje eg har sakna han. Og at jentene mine får treffe igjen morfaren sin som dei saknar sånn, og at dei skal få is og fortelje om fyrste skuledag, ein spennande fisketur og sine familiar

Det som gjer meg tristast, er kanskje at eg ikkje skal få fortelje pappa noko meir, korleis det gjekk på eksamen eller kva fanteri jentene fann på i går. At jentene måtte miste nokon som sto dei så nær, som var så utruleg glad i dei og gledde seg sånn til å følgje dei fram gjennom livet. Han gledde seg til så mykje og eg skulle så gjerne ønske han fekk oppleve det. Og eg kjenner at tapet er så utruleg omfattande. Det grip om store delar av meg at han plutseleg er vekk, kanskje meir enn eg enno aner. For han kjem ikkje tilbake. Høvdingen er død. 
Døden er absolutt…

Sorga mi er veldig personleg. Eg har gitt deg eit lite innblikk, men sjølve sorga har eg i meg kvar dag. Eg skal lære å leve med den, og det må eg gjere heilt sjølv. Ingen kan hjelpe meg. Eg må gjennom tunge stunder, og eg gler meg over gode stunder. For eg har det også. Saman med ungane, familien min, vener og naturen. Og all omtanken eg har fått frå fjerne og nære... Eg har sagt det før; eg sluttar ikkje å forundre meg over kor mykje det trøystar. Nokre ord, blomar eller ein god klem, det gjer ufatteleg godt. Og eg kjenner meg så utruleg heldig som kjenner så mange flotte folk, og som har menneskjer nær meg som slår ring og stiller opp når det vanskeleg. Eg er så takksam!

Eg fekk nokre fine ord av nokre gode folk, og eg avsluttar med dei…

Kinesisk visdomsord

Sorg er som en trekant som dreier rundt i hjertet
med spisser som risper.
Det gjør vondt, forferdelig vondt
til trekantens spisser er avslitt og det bare er en kule igjen,
som glir rundt uten smerte.
Sorg er en prosess som tar tid, men den tar slutt.
Hvor lang prosessen er  beror på hva vi har mistet,
hvilke ressurser vi selv har
og hvilke støtte vi mottar fra omgivelsene våre.

Men når gleden over det du har hatt
overskygger savnet av det du har mistet,
når du vet at du aldri villet unnvære det du har tapt,
selv om du var klar over at du en gang kanskje måtte gi slipp på det,
da er trekantenes spisser avslitt
og kulen blir til en skatt i ditt hjerte.


Dette var vanskeleg og godt…

onsdag 8. februar 2012

Oppsummering...

Det har roa seg ganske mykje sidan sist. Då var det meir eller mindre galskapeleg stemning her i heimen.

Ei lita oppsummering;

Det gjekk bra på eksamenane denne gongen også. Eg var så usikker på om eg i det heile tatt skulle ta dei fordi eg følte meg så uforberedt, men to veker før bestemte eg meg og gav full gass med håp om å stå med eit naudskrik. Det gjekk mykje betre enn forventa. 
Hurra for meg! 

Så plutseleg vart alle mine bekymringar veldig små... Rett før jul mista vi Oskar, sonen til svigerinna mi. Oskar vart berre 13 år og livet kjennest så urettferdig. Vi sørgjer over Oskar som ikkje fekk vere med oss lenger, og tenkjer mykje på dei aller næraste som har det svært tungt. Eg tenkjer sjølvsagt mykje på mammaen, Anne, som har mista guten sin. Som mor kan eg berre prøve å tenkje meg kor låkt det må vere... Jentene mine snakkar og spør mykje om dette med døden og kvar Oskar er no. Eg svarar så godt eg kan og undrar meg saman med dei… Og så brukar vi å vinke og sende slengkyss til han der oppe i himmelen. Og gler oss til å sjå han igjen…



Slike hendingar set ting i perspektiv, og forberedinngane til jul og jula vart litt annleis enn planlagt. Fokuset vart på dei nære og kjære. Før jul har eg bursdag, og eg feira ikkje 30-årsdagen min i fjor. Derfor markerte eg min siste dag som tretti med ein venninne-kveld. Det var veldig kjekt, og eg er så glad for at eg har så mange flotte folk rundt meg. Eg er rik!

Jula fekk ei litt spesiell stemning i år, med orkan og straumbrot og nettløyse. Eg syns det passa heilt perfekt! Det vert ei heilt anna stemning når ein er utan straum. Det kan sjølvsagt by på utfordringar, men flest fordelar. TVen er av, kanskje det mest merkbare i dei fleste heimar, utanom at det er mørkt då… Og det vert ofte sånn at familiar trekk saman, gjerne rundt same bord i same stove og snakkar med kvarandre. For det er der det er lys og varme. Vi kosa oss glugg i hel iallfall! Vi åt kringler tina på omnen, spelte Yatzy med jentene, sidan det var lett nok å sjå dei svarte prikkane på kvite treningar, og vi hadde spelekveld med lommelykt. Og snakka om at vi kanskje burde slå av sikringane ei helg inn i mellom...


Rett etter nyttår for eg og mannen til Trondheim på kjærast-tur. Eg har aldri vore i Trondheim før, og fekk tur med mannen min i bursdagsgåve. Kjekt å få tur i gåve altså! I fjor fekk eg Praha-tur, og det er heilt greitt om dette vert ei vane;) Trondheim var superbra, og vi hadde det kjekt! Det er herleg å få ei pause frå kvardagen, og så kome tilbake med gode minner og litt meir overskot.
Sidan det har dagane gått og vi har kome oss inn i rutinane igjen, og til og med prøvd å forbetre nokre av dei. No har eg tatt til på skulearbeidet igjen, og syns det er supert. Heldigvis!

Så då får vi sjå då, kva det nye året kjem med...

L
VEL
V

til neste gong:)

onsdag 23. november 2011

Sjølvdisiplin...

Det skulle no berre mangle! Sjølvsagt kjem det eit blogginnlegg no… Etter ei kjempelag pause må det sjølvsagt kome no. Burde vore forberedt på dette, eg har jo vore gjennom det så mange gongar før. Men nei då! Det kjem som ei openbaring kvar gong eg ser samanhengen.

Eg sette i gong ganske tideleg i år eigentleg… Eg starta å planlegge klesrom på loftet, fann ut at eg må rive dei upraktiske skapa på roma til jentene, vaskekjellaren må kome i orden og mannen fekk beskjed om å rive opp golvet og kontakte rørleggar, det vart bestilt ytterdør og tre innerdører som berre må skiftast, eg bestilte ny sofa og planlegg å tapetsere ein vegg på stova, vi har lagt ut mange møblar for sal fordi eg har drege i hus altfor mykje, gravearbeidet i hagen går vidare og planlegging av ny trapp og altan ute er i gang. Kvar dag finn eg på nye ting som må gjerast; rydde frysa, rydde i løda, levere ei bok på biblioteket, rydde i kleskapet til jentene, planlegge julegåver, rydde skuffene på kjøkenet, sjå eit uinteressant tv-program med stor entusiasme, lakke negler, rydde sengekleskap, levere ting til bruktbutikken, skrive blogginnlegg… Eg har lyst til å bake alle slags kaker, sette i gong alle mogelege strikkeprosjekt, lage julepynt, trene, rydde, vaske, lese ei lang liste bøker.

Det er eksamenstid!
Og eksamenstid er ikkje noko å spøke med skjønar eg...

Så sånn ser det ut heime med meg… (Bileta er ikkje arrangert.)

 Her sit eg og jobbar. Skikkeleg sunt arbeidsmiljø!
Legg spesielt merke til lampa, kva gjer den der..?!!

 Det er ikkje berre eg som rotar, då... No får jentene utfalde seg fritt, noko som også set sitt preg på heimen...

 På gangen oppe er det rydda veg inn til soveromma...

 Emine sitt rom er meir som eit lager no. Her er skapa som må rivast. Slik at ho får plass til stor seng og slepp å ligge i skyveseng til ho vert vaksen.

 Gjesterommet er fylt med ting som ventar på å fare til bruktbutikken. 
Kjem på at eg må hente kasser ein dag...

Eindel av leikene til jentene som for tida ikkje har ein plass å vere. 
Men dei står igrunnen fint her...


Eg kvir meg for å få besøk, og den som tek turen er hermed åtvara!
Og de er hjarteleg velkomne! Eg skal diske opp med dei deilegaste kaker, kaffi og godt selskap;)

(Det kan kanskje virke som eg likar å vise fram kor rotete det er i huset mitt (lat stå!), men eg er ikkje det altså... 
Eg er berre heilt ærleg.)

tirsdag 21. juni 2011

Kvar si boble...

Er det ikkje rart? Eg syns det. 

Vi har vore ein liten tur i syden. Der hadde vi det godt!
Så reiste vi heim...
Kjem sannsynlegvis aldri tilbake. Ikkje fordi det ikkje var ein bra stad å vere, for den var super! Berre fordi det er kjekt å reise til ein heilt ny stad neste gong..
Vi er heime i kvardagen. Vår kvardag. Med rutiner og vaner, med fleire gode minner og ein eller to nyansar brunare i huda.

Men det eg syns er rart, er altså at livet der går vidare utan meg.

Livet går faktisk vidare der i syden. Det bor andre på rommet mitt, maten vert servert til dei same tidene, badebassenga er fulle av andre solbrente turistar, sola skin og idag har ungane indianardag.
Alt dette foregår utan meg. 
Alle dei eg dikta spennande historier om er også  tilbake i kvardagen... Og eg kjem sannsynlegvis ikkje til å treffe nokon av dei igjen heller.
Dei lever utan meg i livet sitt.
Hotellet og Lollo og heile staden vi var på er også kvardagen til nokon. 
Uten meg.
Heilt uavhendig av om eg er der... 

Kanskje ein rar ting å syns er rart, men eg berre tenkjer på kor mykje eg ikkje er med på her i mi litle verd, mi boble. Ikkje at eg saknar noko, eg har eit godt liv! Men så tenkjer eg på at alle dei som var der ilag med meg også har ei eiga lita boble. Så tenkjer eg at alle har ei boble, alle i heile verda. Og då vert det stort! For tenk at alle har ein kvardag, på godt og vondt... Og dei fleste kjemper for å overleve i denne kvardagen. Og alle sin kvardag er like mykje verdt som min. 

Eg må berre sei at eg vert overvelda. Sånn er det med den saken...

Håper alle får ein fin sommar, og at kvardagen vert ein god stad å kome tilbake til...

Ps Det verkar kanskje som eg meiner at eg er verdas midtpunkt eit par stader i denne teksta. Eg vil berre presisere at det er akkurat det eg meiner også!

Pps Berre tulla;)

Hihihi!