torsdag 15. mars 2012

Ein skatt i hjertet...

Eg kjenner det er naturleg å skrive eit innlegg om sorg no, det hadde vore unaturleg å blogge vidare utan. Men det er veldig vanskeleg å reflektere over noko så låkt og så stort når eg er midt opp i det…

No er det over ein månad sidan eg mista faren min. Sidan livet mitt heilt plutseleg vart røska tak i, fillerista og snudd opp ned. Det kjendes slik, dei fyrste dagane. Ingenting var på plass inni meg, noko av det som heldt meg fast var vekk. Det kjennest i grunnen sånn enno, sjølv om eg har vore nøydd å få nokre bitar på plass igjen. 
Det er enno kaos inni meg.

Eg trur ikkje ein forstår korleis det er å miste ein forelder før ein har gjort det. Kanskje uansett kva alder det skjer i. Eg føler eg har mista ein del av historia mi på ein måte, og eg forstår at eg skal verte heilt aleine ein gong, utan dette festet i grunnlaget og generasjonane før meg. Eg vil få ansvaret på ein måte.

Ein pappa er grunnlaget for sjølve livet, eg hadde ikkje vore her utan han.

Min pappa var eit fundament i vår familie. Han stod støtt og vi visste at han var der, alltid. Eg og pappa var ikkje einige i alt. Vi kunne krangle og stå på vårt, like sta begge to- huttetu! Mamma var ofte ein smule fortvila... Men eg visste alltid at han var der om eg trengte han, same kor stort eller lite det var. Og usemjene vart fort gløymde. For sånn var pappa. Han visste ikkje kva godt han kunne gjere for meg om eg hadde det tøft. Han slapp det han hadde i hendene og kom om han kunne hjelpe. Han brukte mykje av si tid for å gjer livet lettare for meg og for oss. Han var så til randa fylt med ubetinga kjærleik til meg og til heile familien, og vi visste det alle saman. 
Å ha ei sånn tryggheit i livet, følelesen kan ikkje beskrivast med ord…

No er på ein måte heile grunnlaget mitt rokka ved, som eit jordskjelv. Eg har vorte smerteleg klar over kor skjørt livet er, og kor brått alt kan snu. Alt det trygge kan dette i grus frå det eine sekundet til det neste. Det er sånn; det eine sekundet lever du, i det neste er du død. Og slik skal det verte for alle. Tankane mine vert litt sånn rare av det. Litt sånn; korleis skal eg gripe an livet vidare? Skal eg verte livredd for å dø? For at andre skal dø? Skal eg verte heilt galen og hoppe ut frå høge fjell? Skal eg spare til eg vert pensjonist? Skal eg reise verda rundt? Eller flytte til Afrika? Kva er vitsen med ny bil? Kvifor lære, studere, jobbe? Kva er meininga eigentleg?
Vi spelte ein song av Bjørn Eidsvåg i gravferda, Slutt. Når eldste jenta mi på snart seks år høyrte den, klarde ho endeleg å gråte over morfaren sin. Den beskriv så treffande kva eg og ho, og kanskje fleire tenkjer om livet og døden, for det tenkjer eg mykje på…

så drist eg meg te å spør
koss e nå detta her
når hjertas siste slag har slått
ka e det då som skjer
e det bare slutt
og ka e i så fall det
ka e ingenting
kan me begripa ka det e

eller e det noke
som alltid vil vara
det besta og finaste i oss
det me ikkje kan forklara
det må vær lov å håpa på
at slutt ikkje e slutt
eller blir linjå te alt me kjenne
simpelthen bare brutt

eg vet kje ka eg tenke
eg vet kje ka eg trur
med liding e det nok av
i den verden me nå bur
eg ønske meg noke fint
eg ønske meg litt fred
og at me alle skal vær glade
og lik oss der me e

så drist eg meg te spør
koss e nå detta her
når hjertas siste slag har slått
ka e det då som skjer

eg vil kje bæras av ein storm
eg vil bæras av ein bris
…..

Så veit eg eigentleg ikkje heilt kva eg tenkjer om himmelen og kva som skal skje der… Men eg kjenner at eg har fått behov for å håpe på at eg vil treffe igjen pappa eingong, ein stad. At eg får fortelje han kva vi har gjort med huset, at vi har klart oss bra og kor mykje eg har sakna han. Og at jentene mine får treffe igjen morfaren sin som dei saknar sånn, og at dei skal få is og fortelje om fyrste skuledag, ein spennande fisketur og sine familiar

Det som gjer meg tristast, er kanskje at eg ikkje skal få fortelje pappa noko meir, korleis det gjekk på eksamen eller kva fanteri jentene fann på i går. At jentene måtte miste nokon som sto dei så nær, som var så utruleg glad i dei og gledde seg sånn til å følgje dei fram gjennom livet. Han gledde seg til så mykje og eg skulle så gjerne ønske han fekk oppleve det. Og eg kjenner at tapet er så utruleg omfattande. Det grip om store delar av meg at han plutseleg er vekk, kanskje meir enn eg enno aner. For han kjem ikkje tilbake. Høvdingen er død. 
Døden er absolutt…

Sorga mi er veldig personleg. Eg har gitt deg eit lite innblikk, men sjølve sorga har eg i meg kvar dag. Eg skal lære å leve med den, og det må eg gjere heilt sjølv. Ingen kan hjelpe meg. Eg må gjennom tunge stunder, og eg gler meg over gode stunder. For eg har det også. Saman med ungane, familien min, vener og naturen. Og all omtanken eg har fått frå fjerne og nære... Eg har sagt det før; eg sluttar ikkje å forundre meg over kor mykje det trøystar. Nokre ord, blomar eller ein god klem, det gjer ufatteleg godt. Og eg kjenner meg så utruleg heldig som kjenner så mange flotte folk, og som har menneskjer nær meg som slår ring og stiller opp når det vanskeleg. Eg er så takksam!

Eg fekk nokre fine ord av nokre gode folk, og eg avsluttar med dei…

Kinesisk visdomsord

Sorg er som en trekant som dreier rundt i hjertet
med spisser som risper.
Det gjør vondt, forferdelig vondt
til trekantens spisser er avslitt og det bare er en kule igjen,
som glir rundt uten smerte.
Sorg er en prosess som tar tid, men den tar slutt.
Hvor lang prosessen er  beror på hva vi har mistet,
hvilke ressurser vi selv har
og hvilke støtte vi mottar fra omgivelsene våre.

Men når gleden over det du har hatt
overskygger savnet av det du har mistet,
når du vet at du aldri villet unnvære det du har tapt,
selv om du var klar over at du en gang kanskje måtte gi slipp på det,
da er trekantenes spisser avslitt
og kulen blir til en skatt i ditt hjerte.


Dette var vanskeleg og godt…

5 kommentarer:

  1. Så vakkert, Ann-Sofi...har tenkt mye på deg! Takk for at du deler!

    Klem
    Line

    SvarSlett
  2. Du er fantastisk flink å skrive vennen!! Det føles så nært og ikkje minst rørande.. Tenker veldig mykje på deg og dine! Klem

    SvarSlett
  3. Takk, Ann Sofie... Dokke har vore i tankane mine <3

    Klem

    SvarSlett
  4. Så fint skrevet, du er flink med ord!!
    Tenker på dere!
    Klem Ane

    SvarSlett
  5. Takk! Rart med det, det gjer godt at det eg skriv gjev meining...

    SvarSlett

Eg vert kjempeglad om du legg igjen ein kommentar!