onsdag 16. mars 2011

Lat stå!

For all del! Eg syns det er heilt greit å skryte av seg sjølv. Eg gjer det ofte eg altså! Og det er sjølvsagt viktig å vere fornøgd med det ein gjer og får til. Heilt nødvendig!

Likevel, dette er heilt ærleg tala. Med fare for å framstå som mindre flittig husmor. Som ei lita oppmuntring til alle som ikkje kan fortelje alt dei får gjort kvar dag. (Facebook og slikt kan nesten vere farleg for ein stakar.) Fordi de ikkje har fått gjort alt. Eller kanskje ingenting. Til alle de som er litt sånn fortvila over å ikkje strekke til. Til deg som trur du er aleine om å ikkje orke alt. Du som av og til føler deg litt mislukka.

Eg håper du fins. Så det ikkje er berre meg. For då dummar eg meg litt ut her... Men eg trur vi er fleir. Kanskje ikkje håper... Men trur.

Lat det stå til i morgon! 

 Det gjor eg...


 Av og til er ein berre heilt skutt!


 Og alt berre tårnar seg opp!


Det er så slitsomt når det virkar som alle fiksar alt så mykje betre enn meg. Kanskje har du det slik óg? Då  vil eg berre seie at eg ikkje rekk alt eller får til alt eller gjer alt heilt skikkelig alltid heller. Du er ikkje åleine. Og eg øvar på å verte enno dårlegare også. Faktisk! 

Og ingen her vart verken sjuke eller fekk varige mén sjølv om dette stod på benken over natta. 

Men det var sjølvsagt kjekt å få rydda opp også då...

Og det gjekk lett som ein leik.
Middagen vart også klar:)


 Ei god natts søvn kan visst gjere underverker både for kropp, sjel og kjøkken ;)

Ha ei fin veke vidare!
Med kanskje litt mindre høge krav til deg sjølv...

3 kommentarer:

  1. Herlig lite selvhøytidelig! - og superkoselig kjøkken!

    Takk for "oppmodinga"!

    Klem

    SvarSlett
  2. Thi hi:) For eit artig innlegg!! :)Ei god natts søvn kan verke positivt på det meste:)

    Ha ein fiiiin fredag :)

    Lønnetunsfrua

    SvarSlett
  3. Åh, ja, vi er nok fleire ;) Ikkje slett kvar dag min kjøkkenbenk er like strøken!

    SvarSlett

Eg vert kjempeglad om du legg igjen ein kommentar!