onsdag 30. mars 2011

Jippi! Vi kom oss ut!

Det er ikkje alle dagar eg er like effektiv, produktiv, kreativ og full av energi. 
I dag var ein sånn dag. Med lite energi. Sjølv om sola skein. Det er igrunnen uvanleg... Likevel, eg og ungane var inne heile dagen... Var litt dorske, forkjøla og avslappa. Vi såg ut på sola og den blå himmelen. Ikkje hadde jentene dressane heime heller... 
Eg ser no at det ikkje var ein særleg god plan å sitje inne, men eg synst då det var veldig behageleg. 
Korleis klare å snu ein slik dag? Vi fann eit formål. Og ei mogelegheit til å sleppe å lage middag. Og vi fekk dressane heim frå barnehagen. 
Å sleppe å sitje her i kveld, å angre på det vi ikkje gjorde i dag, at vi ikkje naut denne deilige dagen, det er ein god følelse.

I dag åt vi middag ute



Vel, ein sånn pedagogisk korrekt middag var det vel ikkje akkorat. Der var både raudt kjøt, mykje fett, kvitt brød, eindel salt og sukker involvert... 
Vi får tole det iblant
Storepia feira femårsdagen sin med pølsefest i helga. I dag tok vi restane.
Pølser med brød varma på primus rett bakom huset i eit nydeleg solskin. 
Fuglane kvitra. 
Sola varma. 
Snøen smelta
Gløymde nesten at det var snøkave i går... 
Det var deilig det!




Fekk endeleg tatt ei vår-reingjering i kaninburet også. Så har dei fått flytta ut av løa. 
No må det vel verte vår??!


Håper du òg  fekk nokre deilige timar i sola i dag!

1 kommentar:

  1. Å så deilig DET såg ut! Påskesol å pølse høyrer saman ein og annan dagen... så får ein tenkje sunnheit elles :)

    Eg kosa meg i solveggen på benken med saueskinn og strikk:) Hæææærleg!! :)

    SvarSlett

Eg vert kjempeglad om du legg igjen ein kommentar!