mandag 25. april 2011

Allergi?

Åh! Av og til får eg berre heilt data-allergi og orkar omtrent ikkje å tenkje på å starte opp maskina. Sånn har eg det no, har alt hatt det sånn i nokre veker! Veit ikkje kva som gjer det heller... For det er ikkje sjølvsagt at det er veret. Det kan spele ei rolle, at når sola skin så gjer eg heller andre ting enn å bruke tid på dataen. Likevel kan eg ligge på sofaen å surfe medan sola skin og folk flest heller er ute. Og eg kan like godt ha denne allergien om hausten og om vintere når det både bles og regnar.  Så veret er dermed ikkje avgjerande. Det neste som då verkar naturleg  å tenkje på, er om det er på grunn av dårleg tid. Det kan eg enkelt og greitt avvise med ein gong. No for tida har eg kanskje for mykje tid. Kva kan det då vere? Er eg kanskje berre lei? Det kan vere det. Men kva er eg lei av skal tru? For alt er uinteressant! Når eg tenkjer meg om famnar det breiare enn data. Det gjeld nyheiter også. Og de som kjenner meg godt veit at eg er vanskeleg, om ikkje umuleg, å få tak i på mobilen i perioder. Ok, kanskje mesteparten av tida... Men nei, eigentleg ikkje! For av og til er eg berre litt lei av å vere veldig tilgjengeleg heile tida. Så då er det vel kanskje det, at eg vil ha litt fri? Men eg vil gjerne treffe vener og snakke med folk likevel. Og nyheitene liksom? Har det noko med kor tilgjengeleg eg er? Eg veit jammen ikkje... Kanskje det berre er ein allergi?  

Om eg likevel skal finne ein grunn og vere fornøgd med den... Eg veit eg at eg reagerer sterkt på inntrykk og følelsar. På godt og vondt. Og når eg tenkjer på kor mykje eg må fordøye i løpet av berre ein dag når det gjeld beskjedar og tv og radio og teknologi og innboksar og folk og røre, så er det klart at det kan verte fullt! Og med mange slike dagar og aukande antal kanalar som berre så gjerne vil at eg skal bruke dei, så treng eg nok berre ei pause. Eg trur eg må konkludere med det. Med fare for å framstå som ei skranglete og sart sjel... Eg taklar det, eg er berre ikkje entusiastisk....

Pause.   

Den gjer godt. Den pausa...  

Heilt til eg forstår at det nesten er heilt umogeleg å få heilt pause! Folk og avtalar og oppdateringar og beskjedar og alt slags rask samlar seg berre opp og vert til dårlegt samvet. Ikkje at folk og avtalar og beskjedar og resten av teknologien er negativ, for det er rett og slett genialt og kjempepraktisk, men... Det samlar seg opp. Og det vert litt å ta igjen. Og folk ventar. Klart ventar dei. Dei ferraste veit kvifor eg er så ufatteleg treig...   

Er det berre eg som syns det er litt skremande? At for å henge med må ein vere innlogga til ei kvar tid, ein eller annan stad, på ein eller annan måte?

Eg reknar med at allergien snart er over for denne gong, eg gler meg til det :)  Enn så lenge; om du har bursdag- Gratulerer! om du reiser vekk- God tur! om du prisar våren- eg er enig! om du bakar- Bon Appetit! om du har det bra- så er eg glad! om du er lei- et ein sjokolade! om du ventat- du skal få svar! om du må ha tak i meg- ring Kristoffer! ;)  

Brått er eg her igjen!

5 kommentarer:

  1. VELSIGNE dej!:) Kunne ikkje sagt det beire sjøl... Ej me e so leide å vere pålogga heile tida. Sko levd på femtitalet vi;) DET hadde vore noke det. Ja til å logge av! Over og ut:)

    SvarSlett
  2. Du skriv bra og tek opp interessante tema,
    Ann- Sofi :)
    Kjekt å lese det du skriv, kvar gong!
    Ser forøvrig fram til husmorferien din og tur til Oslo etterkvart ;)
    Klem Janita

    SvarSlett
  3. Både sunt og godt å ta ei pause....kortere eller lengre! Bare koble ut. Ikke minst for å kjenne at man ER faktisk ikke avhengig. (Men har savnet blogginnleggene dine!)

    Klem,

    Line

    SvarSlett
  4. Eg forstår deg himla godt!! Er deeilig med pause. Prøver sjølv å ta pause innimellom, men eg slit med dårleg samvit når eg ikkje orker svare på meldingar, mailer osv.

    Ps: har f.eks. ikkje vore flink å kommentere innlegga i bloggen din. Men du er steikje flink å skrive snuppa! Stå på! Klem

    SvarSlett
  5. Hihihiiii..søte Ann Sofi...kjenne mej godt igjen:)

    SvarSlett

Eg vert kjempeglad om du legg igjen ein kommentar!