tirsdag 21. august 2012

Ein merkedag, eit minne for livet





 Første skuledagen min  

Himmel høg og verda stor
der på trappa vinkar mor
Første skuledagen min,
ikkje rart at sola skin

Hit eit steg, og dit eit steg,
dansar eg fram på skuleveg
Kjolen den er himmelblå
med ei raude marihøne på

Knapt eg blunda siste natt
Drøymde eg på skulen sat.
Frøken ba om to frå ti,
tenk eg ga ho kuleramma mi.

Hit eit steg, og dit eit steg,
dansar eg fram på skuleveg
Rundt ein pytt og over stein
Liten fot skal halde skoen rein

Bak på ryggen dinglar lett,
finast ransel eg har sett.
Med pennal og fargekritt,
på ei bok står heile namnet mitt.

Hit eit steg, og dit eit steg,
dansar eg fram på skuleveg
Eg har nisteboksen full
den eg fekk av bestemor til jul.

Bort på bakken slottet står,
eigen pult og knagg eg får.
Rekne - tekne troll og dyr -
også høyre eventyr.

Hit eit steg, og dit eit steg,
dansar eg fram på skuleveg
No skal heile verda sjå
kjolen min har marihøne på.

Det er visst slik - eg gruer litt.
Hoppar ikkje hjarte mitt?
I skulestova vill eg lell,
pytt - eg tar det heile som det fell.

Hit eit steg, og dit eit steg,
dansar eg fram på skuleveg
No kan heile verda sjå
berre eg har marihøne på.

 Tekst og melodi : Ingebrigt Davik

søndag 29. april 2012

Vår - det ligg i lufta


Størstejenta er rosaruss i år, og vart døypt "Sangfuglen" på onsdag. 
Åh, kor vi har gledd oss til dette:)

Fyrste russeknute; ete ein is på tre minutt. 
Den klarte ho heeeilt fint, for å sei det sånn;) 

Stolt russejente!
Med ei litt slitsom fløyte...! 

I dag har vore ein nydeleg dag!
Vi har vore ute heile dagen.
 
"Vi vandrer med freidig mot..."


 Fjellgeitene tek føringa. 
Hoho, kor dei langar ut!


 Ei lita feiring av oss sjølve ved Kaldekloven. 
Det var eigentleg målet i dag....


 men trur ikkje du at vi gjekk heile fjellet då..?


Både små og store er fornøgde med innsatsen, 
og vi speidar med beundring tilbake på strekninga vi har gått.
Eg er imponert over små føter i dag altså! 


  Nede! 
Med gele-bein etter å ha gått ned Repet.

Så gjekk turen vidare til Grønfjellsvika


 Litt spikking...


...eit bål...


...og middag!


Og noko så sjeldant som eit bilete av husbonden!
Flott kar!
*smask*


Til slutt,
desserten.

Annéa var nesten på gråten i går, då sludda det.
"Vi får aldri grille marshmallows, vi..."
Men i dag vart det, og med eit hint av sjokolade;)


Ein deilig dag!
Eg kjenner sola som varmar litt meir i dag.
Eg nyt luktene av jord, gras, skog, saltvatn og gjødsel.
Eg høyrer muntert fuglekvitter og lukkeleg barnelatter.
Eg vert så inderleg glad!

Eg kjenner at eg lever.
 

torsdag 15. mars 2012

Ein skatt i hjertet...

Eg kjenner det er naturleg å skrive eit innlegg om sorg no, det hadde vore unaturleg å blogge vidare utan. Men det er veldig vanskeleg å reflektere over noko så låkt og så stort når eg er midt opp i det…

No er det over ein månad sidan eg mista faren min. Sidan livet mitt heilt plutseleg vart røska tak i, fillerista og snudd opp ned. Det kjendes slik, dei fyrste dagane. Ingenting var på plass inni meg, noko av det som heldt meg fast var vekk. Det kjennest i grunnen sånn enno, sjølv om eg har vore nøydd å få nokre bitar på plass igjen. 
Det er enno kaos inni meg.

Eg trur ikkje ein forstår korleis det er å miste ein forelder før ein har gjort det. Kanskje uansett kva alder det skjer i. Eg føler eg har mista ein del av historia mi på ein måte, og eg forstår at eg skal verte heilt aleine ein gong, utan dette festet i grunnlaget og generasjonane før meg. Eg vil få ansvaret på ein måte.

Ein pappa er grunnlaget for sjølve livet, eg hadde ikkje vore her utan han.

Min pappa var eit fundament i vår familie. Han stod støtt og vi visste at han var der, alltid. Eg og pappa var ikkje einige i alt. Vi kunne krangle og stå på vårt, like sta begge to- huttetu! Mamma var ofte ein smule fortvila... Men eg visste alltid at han var der om eg trengte han, same kor stort eller lite det var. Og usemjene vart fort gløymde. For sånn var pappa. Han visste ikkje kva godt han kunne gjere for meg om eg hadde det tøft. Han slapp det han hadde i hendene og kom om han kunne hjelpe. Han brukte mykje av si tid for å gjer livet lettare for meg og for oss. Han var så til randa fylt med ubetinga kjærleik til meg og til heile familien, og vi visste det alle saman. 
Å ha ei sånn tryggheit i livet, følelesen kan ikkje beskrivast med ord…

No er på ein måte heile grunnlaget mitt rokka ved, som eit jordskjelv. Eg har vorte smerteleg klar over kor skjørt livet er, og kor brått alt kan snu. Alt det trygge kan dette i grus frå det eine sekundet til det neste. Det er sånn; det eine sekundet lever du, i det neste er du død. Og slik skal det verte for alle. Tankane mine vert litt sånn rare av det. Litt sånn; korleis skal eg gripe an livet vidare? Skal eg verte livredd for å dø? For at andre skal dø? Skal eg verte heilt galen og hoppe ut frå høge fjell? Skal eg spare til eg vert pensjonist? Skal eg reise verda rundt? Eller flytte til Afrika? Kva er vitsen med ny bil? Kvifor lære, studere, jobbe? Kva er meininga eigentleg?
Vi spelte ein song av Bjørn Eidsvåg i gravferda, Slutt. Når eldste jenta mi på snart seks år høyrte den, klarde ho endeleg å gråte over morfaren sin. Den beskriv så treffande kva eg og ho, og kanskje fleire tenkjer om livet og døden, for det tenkjer eg mykje på…

så drist eg meg te å spør
koss e nå detta her
når hjertas siste slag har slått
ka e det då som skjer
e det bare slutt
og ka e i så fall det
ka e ingenting
kan me begripa ka det e

eller e det noke
som alltid vil vara
det besta og finaste i oss
det me ikkje kan forklara
det må vær lov å håpa på
at slutt ikkje e slutt
eller blir linjå te alt me kjenne
simpelthen bare brutt

eg vet kje ka eg tenke
eg vet kje ka eg trur
med liding e det nok av
i den verden me nå bur
eg ønske meg noke fint
eg ønske meg litt fred
og at me alle skal vær glade
og lik oss der me e

så drist eg meg te spør
koss e nå detta her
når hjertas siste slag har slått
ka e det då som skjer

eg vil kje bæras av ein storm
eg vil bæras av ein bris
…..

Så veit eg eigentleg ikkje heilt kva eg tenkjer om himmelen og kva som skal skje der… Men eg kjenner at eg har fått behov for å håpe på at eg vil treffe igjen pappa eingong, ein stad. At eg får fortelje han kva vi har gjort med huset, at vi har klart oss bra og kor mykje eg har sakna han. Og at jentene mine får treffe igjen morfaren sin som dei saknar sånn, og at dei skal få is og fortelje om fyrste skuledag, ein spennande fisketur og sine familiar

Det som gjer meg tristast, er kanskje at eg ikkje skal få fortelje pappa noko meir, korleis det gjekk på eksamen eller kva fanteri jentene fann på i går. At jentene måtte miste nokon som sto dei så nær, som var så utruleg glad i dei og gledde seg sånn til å følgje dei fram gjennom livet. Han gledde seg til så mykje og eg skulle så gjerne ønske han fekk oppleve det. Og eg kjenner at tapet er så utruleg omfattande. Det grip om store delar av meg at han plutseleg er vekk, kanskje meir enn eg enno aner. For han kjem ikkje tilbake. Høvdingen er død. 
Døden er absolutt…

Sorga mi er veldig personleg. Eg har gitt deg eit lite innblikk, men sjølve sorga har eg i meg kvar dag. Eg skal lære å leve med den, og det må eg gjere heilt sjølv. Ingen kan hjelpe meg. Eg må gjennom tunge stunder, og eg gler meg over gode stunder. For eg har det også. Saman med ungane, familien min, vener og naturen. Og all omtanken eg har fått frå fjerne og nære... Eg har sagt det før; eg sluttar ikkje å forundre meg over kor mykje det trøystar. Nokre ord, blomar eller ein god klem, det gjer ufatteleg godt. Og eg kjenner meg så utruleg heldig som kjenner så mange flotte folk, og som har menneskjer nær meg som slår ring og stiller opp når det vanskeleg. Eg er så takksam!

Eg fekk nokre fine ord av nokre gode folk, og eg avsluttar med dei…

Kinesisk visdomsord

Sorg er som en trekant som dreier rundt i hjertet
med spisser som risper.
Det gjør vondt, forferdelig vondt
til trekantens spisser er avslitt og det bare er en kule igjen,
som glir rundt uten smerte.
Sorg er en prosess som tar tid, men den tar slutt.
Hvor lang prosessen er  beror på hva vi har mistet,
hvilke ressurser vi selv har
og hvilke støtte vi mottar fra omgivelsene våre.

Men når gleden over det du har hatt
overskygger savnet av det du har mistet,
når du vet at du aldri villet unnvære det du har tapt,
selv om du var klar over at du en gang kanskje måtte gi slipp på det,
da er trekantenes spisser avslitt
og kulen blir til en skatt i ditt hjerte.


Dette var vanskeleg og godt…

onsdag 8. februar 2012

Oppsummering...

Det har roa seg ganske mykje sidan sist. Då var det meir eller mindre galskapeleg stemning her i heimen.

Ei lita oppsummering;

Det gjekk bra på eksamenane denne gongen også. Eg var så usikker på om eg i det heile tatt skulle ta dei fordi eg følte meg så uforberedt, men to veker før bestemte eg meg og gav full gass med håp om å stå med eit naudskrik. Det gjekk mykje betre enn forventa. 
Hurra for meg! 

Så plutseleg vart alle mine bekymringar veldig små... Rett før jul mista vi Oskar, sonen til svigerinna mi. Oskar vart berre 13 år og livet kjennest så urettferdig. Vi sørgjer over Oskar som ikkje fekk vere med oss lenger, og tenkjer mykje på dei aller næraste som har det svært tungt. Eg tenkjer sjølvsagt mykje på mammaen, Anne, som har mista guten sin. Som mor kan eg berre prøve å tenkje meg kor låkt det må vere... Jentene mine snakkar og spør mykje om dette med døden og kvar Oskar er no. Eg svarar så godt eg kan og undrar meg saman med dei… Og så brukar vi å vinke og sende slengkyss til han der oppe i himmelen. Og gler oss til å sjå han igjen…



Slike hendingar set ting i perspektiv, og forberedinngane til jul og jula vart litt annleis enn planlagt. Fokuset vart på dei nære og kjære. Før jul har eg bursdag, og eg feira ikkje 30-årsdagen min i fjor. Derfor markerte eg min siste dag som tretti med ein venninne-kveld. Det var veldig kjekt, og eg er så glad for at eg har så mange flotte folk rundt meg. Eg er rik!

Jula fekk ei litt spesiell stemning i år, med orkan og straumbrot og nettløyse. Eg syns det passa heilt perfekt! Det vert ei heilt anna stemning når ein er utan straum. Det kan sjølvsagt by på utfordringar, men flest fordelar. TVen er av, kanskje det mest merkbare i dei fleste heimar, utanom at det er mørkt då… Og det vert ofte sånn at familiar trekk saman, gjerne rundt same bord i same stove og snakkar med kvarandre. For det er der det er lys og varme. Vi kosa oss glugg i hel iallfall! Vi åt kringler tina på omnen, spelte Yatzy med jentene, sidan det var lett nok å sjå dei svarte prikkane på kvite treningar, og vi hadde spelekveld med lommelykt. Og snakka om at vi kanskje burde slå av sikringane ei helg inn i mellom...


Rett etter nyttår for eg og mannen til Trondheim på kjærast-tur. Eg har aldri vore i Trondheim før, og fekk tur med mannen min i bursdagsgåve. Kjekt å få tur i gåve altså! I fjor fekk eg Praha-tur, og det er heilt greitt om dette vert ei vane;) Trondheim var superbra, og vi hadde det kjekt! Det er herleg å få ei pause frå kvardagen, og så kome tilbake med gode minner og litt meir overskot.
Sidan det har dagane gått og vi har kome oss inn i rutinane igjen, og til og med prøvd å forbetre nokre av dei. No har eg tatt til på skulearbeidet igjen, og syns det er supert. Heldigvis!

Så då får vi sjå då, kva det nye året kjem med...

L
VEL
V

til neste gong:)