mandag 21. februar 2011

Alle fugler små de er...


Eg har tjuvstarta på våren.
No har snøkrystallane forlete greina mi, og fuglane er på plass.
Håper naturen tek hintet mitt snart....
Imens skal eg nyte glimt av sol som varmar og fuglar som har byrja kvitre.
Ute altså. Her inne må eg kvitre sjølv.
Medan eg vaskar vindauga.
I morgon...

fredag 18. februar 2011

"Si meg hva du leser, og jeg skal si deg hvem du er"

Veit at det handlar om boka eg les og ikkje bokhylla mi. Likevel mistenker eg at bokhylla mi kan gi eit dårleg inntrykk. Det kan ha noko med størrelsen på bokhylla mi å gjere... Den er ikkje så stor. Og det som er i den er bøker eg har kjøpt på salg, fått som i velkomstgåve i ein bokklubb, kjøpt fordi eg gløymde å avbestille eller “fått” som i lånt og aldri levert tilbake. Eg har ikkje lest alle eingong.

Eg les ikkje ei bok om eg ikkje veit den er bra før eg les den. Det betyr at eg set min lit til anmeldarane. Altså venninner, svigerfar og kanskje dei som skriv i avisa. Det går som regel bra det. Visst ikkje berre lyg eg og sei at den var bra, unntatt til han i avisa for han bryr seg sikkert ikkje om kva eg meiner likevel. Det betyr at eg låner dei bøkene eg les med veninner, svigerfar eller på biblioteket. Det forklarer også kvifor bokhylla mi er ganske lita. Med fare for å framstå som ein snyltar! Sjølv om eg  faktisk les eindel bøker altså. Så den fortel ikkje kven eg er. Håper eg. For då er eg tjuvaktig og veldig forvirra. Ikkje fordi eg har stelt så mykje bøker heller... Iallfall veldig forvirra då! For der er bøker om MASSE rart. Forvirra og litt snål då.

Så bestemte eg meg for å sortere bøkene mine. Etter farge!

Det syns eg vart stilig. Veldig fort gjort også, for det er jo ikkje så monge bøker liksom.  Eg har altså mange svarte og kvite bøker. Eg måtte sette nokre svarte bøker ein annan stad faktisk. Og blå. Ikkje så mange rosa og lilla, og sidan der er så mykje rart frå før, kan eg like godt kjøpe ei lilla bok eller to på mammut. Men ikkje blå!



No ser bokhylla mi litt annleis ut . Og kan faktisk velje å sei at eg er fargerik, stilig og ryddig.

Og eg innser no at  det er ein viss mogelegheit for at eg går glipp av eindel godbitar når det gjeld bøker. Nokre gode tips?

Ps. Om du ser ei bok som er di i hylla mi, ta gjerne kontakt. Du skal få den tilbake!
Pps. Om du treng ei litt rar bok kan du gjerne få låne med meg.

mandag 14. februar 2011

Morsdag

Denne dagen er svært innbringande for handelsstanden og mange meiner det er heilt unødvendig med feiring. Eg påstår det motsatte. BOMBE!!!;) 

Kanskje butikkane tener mykje på massesuggesjon og kjøpepress. Dei gjer nok det. Men kan ikkje vi feire mamma litt då? Eg er heilt tilhengar av å gjere det heile enkelt altså! For all del. Men det er hard jobbing å vere mor, så då kan eg no få ein dag der eg vert sett litt ekstra pris på? Syns eg kan det...!

Det å verte mamma... Eg tenkjer mykje på det på bursdagane til jentene mine, korleis det var når dei kom. Kor utruleg lite forberedt eg var liksom. Hadde alt klart altså, både vogn, seng, kle og "ny" bil. Hadde lest det eg kom over av bøker. Tenkt og grubla både aleine og med vordande far, var rett og slett ein klisje av ei vordande mor. Likevel slo det ned i meg som lyn frå klar himmel når eg fekk summa meg etter fødselen; "kva har eg gitt meg ut på no?" Begge gongane!

Fyrste pia mi kom til verda i ei fart, forlet meg på fødestua og rett i hendene til legane. Ho var tilkopla fleire maskiner som registrerte alle vitale funksjonar den fyrste veka, og vi var omringa av kyndig personell som svarde på spørsmål og hjalp oss i gong med det praktiske som foreldre. Så vart vi sendt heim. Gud, for ei kjensle! Plutseleg sat vi der utan ei einaste maskin og heilt åleine. Då kjende eg meg hjelpelaus! Altså, jenta var heilt fin og alt gjekk bra, men den kjensla var overveldande. Kva har vi gjort?!! Ein ting er å tenkje på ting som kan gå gale, det gjer alle. Eg hadde kjent det på kroppen liksom, kor lite eg kan gjere frå eller til... Kor skjørt livet kan vere. Kor heldige vi var!

Her held eg eldste jenta for fyrste gong

Så kom nummer to. Ho laga ikkje noko meir drama enn at ho kom litt for tidleg. Ho var ein enkel baby! Fornøgd og roleg og eit behageleg vesen. Litt sånn dei er enno faktisk... Eldste er ei lita dramaqueen, mens minsta stort sett er fornøgd med det meste.

Skattane mine

Det slo meg igjen; Kva har eg gjort? 

Er det ikkje gale? Tullete å gjere det igjen liksom, når du var heilt vettskremt etter fyrste runde? Men likevel så skal eg ha fleir. For det er heilt umogeleg å forklare kva som skjedde med meg, og mest truleg alle andre som har vorte foreldre. Noko var det iallfall. Og med fare for å framstå som heilt klisje (kan eg seie det?); det var fantastisk! Ikkje mindre enn heilt fantastisk!

Det skal seiast, då, at eg ikkje har eit heilt urealistisk syn på ungane mine og meg sjølv heller. Sjølv om eg gjerne skryt veldig av jentene og syns dei er heilt supre, så kan eg også ærleg fortelje at dei ikkje alltid er sånn. Og eg kan vere vanskeleg eg også. Det er arbeid å vere mamma. I tillegg til alt det praktiske eg skal få til å gå opp, skal eg også bekymre meg for ein heil masse. Alt frå himmel til jord faktisk! Og det er veldig mykje altså!! Så skal eg strebe mot ei så pedagogisk rett oppseding som mogeleg. Vel -det får vere nok å prøve. Kvardagane kan vere langt frå fantastiske og alle er berre slitne og sure. Så kjem disse gode stundene altså, og dei gjer opp for alt som ikkje var slik eg gjerne ville. Eg berre gløymer det liksom. Så lett som berre det og det vert som å vere nyforelska heile tida! Eg ser berre dei gode sidene deira, syns dei er dei mest fantastiske skapningane som fins og verdas vakraste. Ingenting anna er viktig! Og det er fantastisk.

Den aller største endringa etter at eg var mor, anna enn å ha ansvar for andre enn meg sjølv, som eigentleg er vel nok, er at alle kjensler er forsterka så heilt meiningslaust! Og det gjeld på godt og vondt altså! Dei gode kjenslene er berre ein fordel eigentleg. Men så sint eg kan verte då! Og livredd! Og trist! Og rørt... Eg var lettrørt frå før liksom... Så såg vi Dumbo i dag tidleg og eg sat å tørka tårer i smug. Eg kan grine av nyheiter, reklame, fuglesong og  til og med når eg skal fortelje noko koseleg! Meir som ei tvoge rett og slett.

Og fyrst når eg fekk kjenne det sjølv kan eg forstå korleis mi mor har kjent det. Kor uendeleg og ubetinga glad ho er i meg. Kor mange bekymringar ho har hatt. Kor mykje ho har ofra... Gratulerer med  morsdagen mamma! Snufs...

Eg tenkjer at uansett kor mykje eg vil det beste for borna mine, så vil eg alltid kome til kort. Det einaste eg kan vere sikker på er heilt rett, er å gi dei kjærleik. Mykje kjærleik. Det kan dei ikkje få for mykje av og eg kan ikkje gå tom. Eg fortel jentene mine kor glad eg er i dei monge gongar kvar einaste dag. Og så lenge eg får lov, kjem eg til å klemme og susse på dei så mykje eg kan. Dei er skattane mine her på jord. Det er ikkje den ting eg ikkje ville gjort for dei. Så det så!

Så set pris på mora di! Og feir ho litt, ho fortener det:)

Her har dagen vorte feira etter mine ynskjer. Sjølvsagt;) Gavedryss på senga (sjølv om eg er tilhengar av det enkle har ikkje dei andre her same innstillinga, og eg kan no ikkje seie nei takk;), deilig frokost med kakao- då er dagen redda!, alle sammen ut på tur- i dag var det fjelltur, besøk til farmor  og gratulerte ho med dagen og spise is, og sidan det var så fint vêr ute utsette vi kjøttkakemiddagen til i morgon og kjøpte pizza på Elmirs i staden, og til slutt serverte vi husbondens debutbløtekake til familien min. 


Eg har kosa meg! Det håper eg du også har gjort:)

tirsdag 8. februar 2011

Ambivalente tv-kjensler

Tv. Ein stor del av livet mitt. Eg har sett altfor mykje. Altfor mykje! Kva er det med tv eigentleg? Kvifor veljer eg det kvar kveld framfor noko anna? Eg har igrunnen mykje anna eg har lyst å gjer som eg berre har tid til om kvelden, småbarnsmor som eg er. Men den tven altså! Nesten fem års "tv-pause" er over. Ja, vi hadde ikkje tv-signal på fem år. Faktisk. Og MANGE lurte på kva vi gjorde om kveldane. Korleis går det an liksom. Tydeligvis fleir enn eg som ser mykje tv. Men det går an altså. Det vart etterkvart ei tv-pause som inneheldt mykje film og tv-seriar, men likevel pause frå zapping og reality. Eg valde iallfall sjølv kva eg ville sjå. Ikkje at eg ikkje gjer det no altså, for eg får ha fjernkontrollen  for meg sjølv. Utanom når det er fotball. Greitt nok. Men eg velgjer altså sjølv. Eg skrur ikkje av. Eg ser det som er mest interessant. I kva grad det er interessant spelar ikkje så stor rolle.

MEN! I går gjorde eg noko nytt. Eg gjekk på loftet og vaska ned soverommet. Og det gjekk heilt bra! Tenkje seg til! Jammen gjekk det heilt fint. Ikkje det at eg trudde verda skulle gå i grus eller noko, det var berre så flott liksom. Eg var heilt fornøgd! Og gjekk å sette meg framfor tven.

I det siste har eg likevel gjort nokre forandringar i tv-vanane mine. Med diverse tilbakefall... Like fullt, god framgang. Eg velgjer å gå ut ein tur. Og det gir meg overskudd til å leike og vere saman med ungane mine neste dag. Eg ofrar gjerne ein såpeserie eller grand prix eller gullrekka for det. Bra? Syns det er god framgong eg, om eg må seie det sjølv;) Og det syns ungane mine også.

Men no skal eg sjå "Frustrerte fruer"!

Tada...

lørdag 5. februar 2011

Då er eg i gong!

Som sagt har eg brukt mykje tid på dette. Grunnen til at eg til slutt bestemte meg er vel til slutt fordi eg har lyst å prøve og ikkje har noko å tape. Og eg tenker at det kan gjer at eg ser kvardagen litt frå skrå. Ser litt nærmare på kva som skjer kanskje? Med lupe - tihi;) For når eg skriv tenker eg meir etter, og eg likar å skrive og eg tenker, så då vert det sånn.. Det kan vel ikkje verte så gale. Trur eg. Det som kan gå litt gale er rettskriving, for det er lenge sidan eg har skrive nynorsk. Ber over med meg. 

Men kva har eg eigentleg å kome med? Eg har sjølvsagt gjort litt research. Hoppa litt frå blogg til blogg liksom. Det er monge bra bloggar altså! Men også rare, snåle, kjedelige og sære bloggar. Litt for einkvar smak vil eg tru... Min blogg skal vere heilt superbra, kjempeinteressant, nytenkande og veldig spennande! Minst!!! Sjølvsagt er den det. Iallfall for meg. 

Eg tenker å skrive om ting som opptek meg. Eg vil gjer ein innsats for å ha det bra her i livet og i verda og deler gjerne erfaringa med den som vil høyre. Eg syns "før og etter" er gøy, ikkje på Jan Thomas måten, men  i praksis. Du vil få sjå kva eg meiner. Når alt altså kjem til alt, så er dette for min eigen del. Likevel vert eg sjølvsagt glad om du likar det du les og syns det er spennande å følge med. Og eg gler meg til å lære meir og verte betre, legge inn bilder og kanskje til og med verte kjend med nye folk. Visst eg tør;)

Ps! Kvelden før eg oppretta bloggen var eg på Odd Nordstoga konsert. Han er så sjarmerande! Monge meiningar om det. Og nokre meiner til og med han ikkje syng om noko som helst, men eg syns det er heilt greit eg. For det er berre så koseleg! "Livet under lupa" er kanskje ikkje den muntraste songen, men eg syns det var treffande. Så då vart det det. Betre enn "Grisen står å hyler" iallfall!

fredag 4. februar 2011

Litt seint ute

Ja, så vart eg med på dette også då... Eg kjenner eg er litt nervøs! Galskap. Eg trur eg hadde facebook-konto i kanskje to år før eg torde å skrive noko der. Og når mirc var moderne sat eg å venta på at nokon skulle sei hei til meg for eg torde ikkje å gjer det sjølv! Blyg liksom... Eg er generelt veldig skeptisk til, eller kanskje heller engsteleg for, å treffe folk på internett. Det er skummelt syns eg. Og ja, eg veit det er litt rart. Og kanskje er eg litt gamlis når det gjeld nymotens greier, ikkje veit eg... Men no har eg jammen oppretta blogg. Etter å ha tenkt meg godt om i eit halvt år. Og etter at monge andre har gått lei og slutta. No er eg med på galskapen! Eg er med!!!