tirsdag 8. oktober 2013


 Farmora mi er 91 år.
Ei uendeleg snill dame med stor personlegdom.  



Natt til torsdag førre veke datt ho på badet etter eit toalettbesøk.
Ho vart send med ambulanse til sjukehuset i Volda, og dagen etter vart det konstatert brot over kneet. Ho har protese i kne og hoft, og måtte derfor overførast til ortopedisk avdeling i Ålesund.
 Det vart bestemt at ho skulle opererast laurdags morgon.

Det vart utsett til kvelden.

Så til søndags morgon.

 Operasjonen gjekk bra.
Natta etter vart ho dårleg og måtte leggast inn på intensivavdelinga, mamma fekk telefon midt på natta, og vi vart i grunnen innstilt på at ho ikkje ville klare så mykje meir. 
Vi for til sjukehuset alle saman måndags formiddag.

Når eg kom vart ho flytta tilbake til ortopedisk avdeling. 
Gode nyheiter med andre ord!
Det som overraska meg, var at dei på same utpust sa at ho skulle overførast til Volda igjen same ettermiddag. Korleis kan dei forsvare å utsette ho for ei overflytting allereie? Det er der ho høyrer heime sidan dei har mest kontakt med sjukeheimane i vårt område, sa dei, og her treng vi sengene til andre som kjem inn.
Eg bestemte meg for å følgje ho i ambulansen til Volda, som var bestilt til halv seks.

Litt før halv ni kom dei og henta oss. 
Då hadde eg vore der i sju timar, og farmor var døgnvill etter å ha duppa av nokre gongar. Ho bruker å legge seg i sju-tida heime, og i tillegg hadde ho vore vaken store deler av natta før, hatt besøk heile dagen og vorte «forstyrra» av sidemannen sitt besøk. 
Ho var heilt utslitt! 
Ho hadde smerter etter operasjonen, minimalt matinntak og er som sagt 91 år. 
Men til Volda skulle ho! Eg var så glad for at dei endeleg kom, der eg sat med litt feber og låk hals, at eg tenkte ikkje heilt over kva eg faktisk var med på før vi kom fram.
Det var nemleg ingen som trengde den senga den natta. Der var til og med ein ledig sengeplass på romet. Det var seint på kveld, men av garde skulle ho altså for ein kvar pris. At ingen andre kom på å seie at; veit du kva, ho kan vere her til i morgon. 

Hadde no berre eg kome på det då!

Vel framme i Volda vart ho igjen undersøkt opp og ned. 
Heldigvis prioriterte dei ho.
Ho var på plass på romet i halv-elleve tida. Då låg ho lækt i senga og var ikkje stelt for natta. 
Eg måtte fare, så eg veit ikkje kva tid ho endeleg fekk ro. 

Det eg veit, er at ho var aldeles utkjørt!

Eg var sliten, som er ung og frisk!
Ho sa det sjølv, at ho hadde ikkje overlevd dagen om ho ikkje hadde hatt besøk av oss. 
Eg er så glad for at vi for alle saman! Det betydde så mykje for ho og kosta så lite for oss. 
Eg er glad eg var der saman med ho heile vegen så ho slapp å kjenne seg einsam og hjelpelaus. Samtidig som eg kanskje minner alle desse hjelparane om at ho er eit menneske som nokon er glad i. Og kanskje dei til og med får ting fortare gjort sidan eg også venter..?

På dei timane eg var ilag med ho møtte ho;

Fire hjelpepleiarar
Fem sjukepleiarar
To legar
To frå ambulansen
Ein fysioterapeut
Ein bioingeniør
 Ein radiolog

Femten hjelparar.
 
Godt påpassa, for all del! Men… 
Og; kva kan ein gjere med det?

Eg prøver ikkje å legge skulda på nokon. 
Eg veit at dei aller fleste gjer så godt dei kan.
Eg kan likevel ikkje la vere å lure på om vi kan gjere det betre?
Om vi vil gjere det betre?

Hadde ikkje eg vore der i går, hadde dei då masa på ambulansen? Kor lenge ville ho vore i mottaket i Volda? Kven ville fått i ho dei få supane med drikke ho faktisk orka? Dei opplysningane eg gav, stod for eksempel ikkje på noko papir. Og så vidare…

Eg kan med glede fortelje at farmor har vore oppe av senga i dag.
Likevel; tok dei rett avgjersle i går?